Sverre Lunde Pedersen er heime på Os for å lade opp til ein ny sesong (foto: Andris Hamre)

Talentet som trente seg god

Sverre Lunde Pedersen er barnestjerna som har klart å ta steget til seniortoppen med tre VM-medaljar i vinter. – Det var eitt større steg enn eg hadde trudd.

Av: Andris Hamre

Sverre Lunde Pedersen kan sjå tilbake på ein strålande sesong med medaljer på lagtempoen og 5000 meteren i VM-enkeltdistanser og sølv i VM allround, berre slått av umoglege Sven Kramer.

– Ja, han er ei hard nøtt å knekke han. I tillegg til å vera utruleg godt trent har han eit fantastisk konkurransehouvdet som gjer at han presterer på alle distanser. Likevel, han skal vera mogleg å slå, det er den store draumen og målet i tillegg til OL i 2018, seier Sverre når Midtsiden møter han på Peppes påskeaften.

Gode kompisar

Då har han nettopp vore å vitja lagkamerat Håvard Bøkko på Geilo.

– Det var fint det å få kobla av litt og stått litt på ski, smiler Sverre.

– De blir ikkje lei av kvarandre då, så mykje tid som de brukar saman gjennom sesongen?

– Nei, det går greitt, men no blir det ei lita pause til i byrjinga av mai då vi starter oppkøyringa til neste sesong, fortel skøyteløparen.

Omlag 200 døgn er dei på reise i lag i perioda mai til mars, så at det kan vera godt med ei lita stund frå kvarandre er ikkje så vanskeleg å forstå.

Mykje trening i mange år

Men la oss gå tilbake til der grunnlaget blei lagt. Sverre har framleis dei beste registerte tidene på 500 meter for 11-åringar, på 500, 1000, 1500 meter for 12-åringar og på 500, 1000, 1500 og 3000 for 13-åringar, på 1000, 1500 og 5000 for 14-åringar og 500, 1000, 1500 og 3000 for 15-åringar i tillegg til å vera junior-verdsmeister ei rekkje gonger.

– Eg var nok ei barnestjerne ja, konstanterer Sverre når vi kjem inn på dei mange bestetidene han framleis innehar.

– Men eg hadde ikkje kome dit eg er kome no utan mykje og systematisk trening over mange år. Du kan nok på mange måter seie eg har klart å trena meg vidare frå talentet. Det er nok ikkje mange skøyteløparar som har trent så mykje som meg dei siste 5-6 åra.

– For å nå toppen må ein trena mykje, og ein må klare å trena mykje. Eg er så heldig at eg har vakse opp i eit miljø kor det blei trent mykje, fortel Noregs leiande skøyteløper.

Miljøet viktig

Sverre får ikkje fullrost miljøet i Fana IL kor han har heile si skøytekarriere.

– Miljøet er kanskje viktigere enn ein skulle tru også i ein individuell idrett som skøyter. Det er eit lagarbeid. Kramer sa òg det i eit intervju i haust, at han ikkje hadde klart å bli så god utan å ha laget rundt seg.

– I Fana hadde eg, og har eg, det miljøet. Eg hadde eldre og betre skøyteløparar å sjå opp til og å ta etter. I tillegg til at det er og var ei rekkje flinke folk generelt sett i klubben.

Positivt trenarskifte

Eit anna lag som har blitt viktig for Sverre er landslaget.

– Landslaget er viktig for meg. Også der er vi eit lag som jobbar saman. Som lag har vi heva oss mykje denne sesongen.

– Apropos landslaget, korleis har det vore å få skifte i landslagstrenar frå far din Jarle til Sondre Skarli?

– Det har vore positivt for min del. No kan eg bruke pappa meir enn det eg kunne på landslaget. Då han var landslagtrenar måtte han ha fokus på alle og var kanskje litt redd for at nokon skulle tru at han gav meg for mykje. Kanskje var det det motsatte som skjedde, seier han ærleg.

– No har eg pappa som ein mentor og bruker han når eg trener her heime. Han og Sondre har den same treningsfilosofien med store mengder og treningskulturen, så det fungerer veldig bra.

– Du seier det er eit lagarbeid, kven er viktige på laget ditt?

– Dei andre løparane på landslaget, spesielt dei som går langdistanse sjølvsagt. Sindre Henriksen og Håvard Lorentzen som eg trener med både på landslaget og når vi er her heime, trenarane på landslaget Sondre Skarli og Edel Terese Høiseth og Hans Dankertsen og pappa i Fana er vel dei mest sentrale no, men det er mange som skal ha æra for å ha hjulpe til opp igjennom. Ikkje minst familien. Slik trur eg det er for mange toppidrettsutøvarar, smiler Sverre.

Blei bra til slutt

Men la oss gå tilbake til sesongen han nettopp har lagt bak seg. Korleis oppsummerer Sverre den sjølv?

– Siste halvdel av sesongen blei veldig bra. Det var det som var målet. Å ta medaljer i Colomna (VM-enkeltdistanser, journ.mrk) og å gjera det godt i Berlin (VM Allround).

– Spesielt godt var det å få det til i Colomna. Då kunne eg senke skuldrene for resten av sesongen.

– Var det spesielt godt etter at du blei liggande sjuk i forbindelse med EM i Russland?

– Det var veldig kjipt å bli sjuk i Russland. Eg følte formen var god og at eg var kapabel til å ta medaljer allereie der, men kroppen var såpass slapp og dårleg at eg hadde truleg øydelagt resten av sesongen om eg hadde gått. I staden fekk eg ein antibiotikakur og blei raskt frisk.

Gler seg til Hamar

I den kommande sesongen er det VM enkeltdistanser, og prøve-OL, i Pyong Yang og Allround-VM på Hamar som er dei store måla for Sverre.

– Eg håper å ta medaljer begge stadene. Eg veit at eg har det inne, men det er klart at å gå VM på heimebane på Hamar blir nok den store opplevinga i den kommande sesongen. Eg reknar med det blir bra trøkk der, avslutter Sverre Lunde Pedersen med eit smil.

Fleire saker