Sport | 05. mai 2010

Tap i tredje runde

Etter full pott i dei to første kampane tapte Os 2 bortekampen mot Arna Bjørnar.

Tap i tredje runde
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. mai 2010 21:25

Tysdag spelte Os 2 sin tredje kamp i 3. divisjon. Bortekampen mot Arna Bjørnar enda med 2-1-tap. Mats Lepsøe skåra Os sitt mål.

- Arna Bjørnar satsar hardt på opprykk i år, men er det svakaste laget vi har møtt til no.I går var det oss sjølv det sto på, det var ikkje den same gløden og entusiasmen som i dei to førre kampane, seier trenar Tore Nielsen.

Låg under 2-0
Heimelaget skåra det første målet i 14. minutt. 1-0 sto seg til pause, men i 79. minutt auka Arna Bjørnar til 2-0.

Mats Lepsøe sørgja for redusering til 2-1 på ein retur frå eige skot.

- Dommaren la til 6-7 minutt, og på overtid klarte vi både å pressa og å skapa ein stor sjanse. At vi tapte var dessverre likevel fortent, meiner trenaren.

- Anders spelte fantastisk
Nokre lyspunkt var det likevel i dagens kamp, keeper Anders Solberg Strønen hadde nokre redningar Nielsen ikkje kan hugsa å ha sett maken til.

- Anders var heilt utruleg i dag! Han hadde nokre skikkelege feberredningar, som ein gong då motstandarane låg an til å nikka inn eit mål, og Anders flytta seg frå den eine stolpen til den andre på under eit sekund. Han har ikkje så stor fysisk rekkevidd, men er utruleg rask med å flytta på seg, seier Nielsen.

- Eg trur samstundes eg vil gje honnør til det arbeidet keepertrenar Ketil Elvenes gjer, det er veldig høgt nivå på den undervisinga målmennene våre får.

Os sitt lag mot AB (4-3-3): Anders Solberg Strønen, Anders Glesnes, Dani a. Bergstø, Kristoffer Sande, Mats Lepsøe, Erik Kanestrøm, Frode Buvik, Vegard Leikvoll Moberg, Espen Kolås, Ramo Racic og Christian Almeland.
Innbytarar med speletid: Christer Olsen, Espen Valvik og Vegard Engelsen Moberg.

Os 2 får nok også hard motstand i neste kamp.
Sundag 9. mai (kl 16.00) møter dei Voss på Kuventræ.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.