Sport | 15. sep. 2010

Tap for Viking

Osdamene serieopna mot Viking tysdag kveld. Det enda med 32 - 39 tap etter for mange tekniske feil.

Tap for Viking
Andris Hamreonsdag 15. sep. 2010 10:52

Viking er på førehand tippa som eit av topplaga i damenes 2. divisjon denne sesongen. Etter tysdagens kamp mellom Viking og Os kan det tyde på at der kjem Os til å vera også.

Os tek føringa i kampen og leier med to mål då det har gått 10 minutt. Det skal gå 5 minutt til før Viking hentar dei inn att. I den perioden bommar mellomanna Os på to straffekast.

- Vi slepp storskyttaren til Viking, Helene Matre for lett til i den perioden då Viking sliter og vi har føringa, seier trenar Kenneth Husebø.

- Når vi i tillegg bommar på 3 straffer i løpet av siste halvdel av første omgang, og skudda går stang ut i staden for i mål, så blir det tøft å halde på leiinga.

For store rom
Med tre mål under til pause (15 - 18) er Osdamene innstilt på å hente inn igjen forspranget Viking har frå første omgangen. I staden er det Viking som tek føringa, og i ei periode leiar med 10 mål.

- I andre omgangen blir det for store rom i forsvaret vårt som Viking er dyktige til å utnytta.

- Framover på banen klumper vi oss inn mot midten og gjer dermed jobben for Vikingforsvaret enkel. I tillegg har vi alt for mange tekniske feil i nest siste berøringane som gjer at Viking kan nytta vår medisin og kontre på oss, fortel Kenneth Husebø.

- Eg er ikkje skremt etter denne kampen. Får vi luka vekk dei tekniske feila, så skal vi absolutt vera med i toppen, avsluttar trenar for Handballdamene til Os Kenneth Husebø.

Viking - Os 39 - 32 (18 - 15)
Utvisningar: Viking 7 x 2 min + 2 raude kort, Os 2 x 2 min
Os sitt lag: Susann Rosvold, Vibeke Ingebrigtsen, Madeleine Hjertnes 3, Yvonne Johannessen 1, Line Borsholm 3, Trine Balland, Tonje Hjertnes 2, Irene Tangerås 9, Maria Stangeland Lunde 2, Elise Hjelle 3, Hilde Kristine Røttingen 5, Emilie Hjertnes 5.

Neste kamp for Osdamene er heime mot NHHI i Oshallen sundag kl 16.00

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.