Tapte 5-0 i første - vann 2-0 i andre
Nore Neset/Os J17 feira kretsmeistertittelen med å invitera Viking J16 Elite til treningskamp.
Jentelaget med heimebane på Nore Neset kan sjå attende på ein god sesong.
Andreplass i Norway-Cup er ikkje kvardags, og no er jentene allereie svolten etter å ta gullet til neste år.
Kretsmeistrar rakk dei òg å bli i 2018.
Utvikling heile tida
Trenar Ørjan Sandal fortel at årsaka til at dei speler kamp no når fotball-Noreg elles har teke juleferie, er eit ønskje om å utvikla laget heile tida.
– Vi ser ikkje på dette som ei oppkøyring til neste sesong, men som ei kontinuerleg utvikling. I januar-februar er det ofte dårlege banetilhøve, så å få til ein god treningskamp på tampen av året er noko vi er godt nøgd med.
Sandal fortel vidare at det vert litt ferie på jentene i julehøgtida, men noko trening vert det uansett før dei skal ut i nye kampar i byrjinga av januar.
Visste at dei var gode
I første omgang vart Viking-jentene nokre nummer for store, og til pause stod stillinga 5-0 til gjestane.
Sandal fortel at han hadde førebudd laget på dette.
– Vi fekk køyrt oss i 1. omgang, det er det ingen tvil om. Viking har fleire jenter som speler på landslaget, og dei stilte med fleire 02-spelarar i første omgang.
– Kva sa du til jentene i pausen, og var det ein slegen gjeng du traff i garderoben?
– Jo, dei var nok litt prega av kva dei hadde opplevd utpå der, men vi fekk raskt henta dei opp igjen. Eg kunne då fortelja dei at Viking kom til å stilla med eit mykje meir jamnaldrande lag i 2. omgang, då dei på førehand hadde sagt at dei berre skulle bruka dei eldre spelarane i 1. omgang.
Med dette i bakhovudet fekk vi sjå ein mykje jamnare 2.omgang, kor spelet var meir fordelt på bana enn det vi var vitne til før pause.
Med mål av Lenea Hjelle Fløysand og Celina Eide Døsen, i tillegg til solid keeper-spel av Anne Noss Nordvik, vann dei lokale jentene omgangen 2-0.
– Vi var overraskande gode i 2. omgang, synest Sandal.
Det endelege resultatet vart då 5-2 til gjestane frå Rogaland. På nyåret skal det spelast returkamp heime hos Viking.
Siger i Norway Cup 2019 er målet
Sandal fortel at heile laget no er fokusert på å ta gullet heim i neste års Norway Cup.
– Det var ei spesiell oppleving å gå til finalen mot Stabæk med 34-0 i målforskjell, for så å tapa 1-0. Dette fortel noko om kor spanande og utfordrande fotball kan vera.
– Vi tek med oss sigeren i serien og opplevinga på Norway Cup inn i det nye året, og no handlar alt om Norway-Cup 2019!
Feira med sponsa fest
Etter kampen laurdag hadde trenar-teamet med lokale «soccer-moms» til hjelp stelt i stand fest for jentene.
Laget fekk utdelt medaljane som bevis på sigeren i årets serie, og Rema 1000 og Capri hylla jentene med pizza og brus.