Tapte for Åsane
Herrelaget til Os står framleis utan siger i 2014. Til helga møter dei serieleiarane.
Dei nyopprykka handballherrane til Os starta serien med fem heimekampar i sesongens seks første kampar. Os vann fire av dei.
Så følgte seks bortekampar på rad, med siger i éin av dei (borte mot Viking 2 i desember).
Os klarte 16-16 til pause borte mot Stord på 2. plass i førre kamp, men tapte til slutt med 10 mål.
Også søndag borte mot Åsane blei det tap, som i serieopninga mot same lag (16-22).
Åsane – Os 30-23
Målskårarar, Os: Trygve Dahl 5, Jørgen Wold 3, Joakim Blostrupmoen 3, Nils Andris Hamre 2, Joachim Nøkleby 2, Øystein Skarding 2, Torbjørn Hjelle 2, Frode Vindenes 1, Isak Røen 1, Fredrik Andresen 1, Ove Lyssand 1 (alle utanom keeper Andreas G. Sennesvik putta).
– Det var OK i periodar av første halvdel av første omgang, meiner trenar Jesper Svensson.
– Men vi slit framleis med å halda konsentrasjonen og innsatsen oppe gjennom kampen. Dette er noko vi jobbar med, men førebels har vi ikkje lykkast.
Nils sine første
Einaste lyspunkt Jesper nemner er unge Nils Hamre (16) skåra sine to første mål for herrelaget.
Det siste kom på straffe etter at Åsane-keeperen takla Øystein Skarding i lufta innanfor 6-meteren.
Keeperen fekk direkte raudt kort (og var nær på å bli fysisk avstraffa av Trygve Dahl), erstattaren såg tydelegvis kor urettvis takling dette var, og prøvde ikkje å fanga unge Hamre sitt skot.
Tre heimekampar på rad
Os ligg no på 10. plass rett over streken, men med 2 til 4 færre kampar spelt enn dei fleste laga over på tabellen.
Neste kamp (førstkomande søndag kl 17.45), er Os sin første på heimebane sidan 26. oktober (enda 23-22 over Stord).
Då tar Os imot serieleiar NHHI. Også dei to neste kampane går i Oshallen.