Sport | 27. okt. 2014

Tapte første runde

Skade, keeper-skulder ut av ledd og stolpeskot, Søre Neset har framleis håp om opprykk, men er nok avhengig av litt mindre uflaks.

Tapte første runde
Søre Neset jubla etter skpring i kampen der dei berge kvalik-plass. No må dei slå Valestrand Hjellvik 2 heime for å kvalifisera til 5. divisjon. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. okt. 2014 13:04

Søre Neset-trenar Kenneth Svenningsen kan nok ein gong vera nøgd med spelarane sine prestasjonar på banen, men ikkje med utteljinga.

Laurdag spelte dei første av to kampar om opprykk til 5. divisjon, men ballen ville ikkje i mål, i alle fall ikkje i motstandarane sitt mål.

Valestrand Hjellvik 2 vann 1-0 etter sjølvmål av Søre Neset, som sløste med sjansane i den andre enden av banen.

– Vi hadde skot i tverrliggar frå 3 meter, rednings på strek og skot rett på keeper frå 6 meter, fortel Svenningsen.

Keeper Remi Lindborg fekk ei skulder ut av ledd i første omgang, dermed måtte høgreback Andy Lukey i mål.

Frå før måtte Søre Neset klara seg utan Tore Tvedt store delar av kampen, han blei skadd etter 10 minutt. Nikolaj Bigom, som også har vore blant dei beste på midtbanen denne sesongen, yter berre 70 prosent grunna skade i kneet. Goalgetter Alexander Thuen var sjuk og kunne ikkje vera med, men er kanskje klar til returoppgjeret.

Onsdag klokka 19.00 er det avspark på Søre Neset sin bane i andre og avgjerande runde mot Valestrand Hjellvik 2 i kampen om opprykk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.