Sport | 13. apr. 2010

Tapte for Fyllingen

Os tok leiinga over Fyllingen, men siste treningskamp før seriestart enda 2-3.

Tapte for Fyllingen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. apr. 2010 21:05

Os tapte tysdag kveld 2-3 (1-1) for Fyllingen i treningskamp på Kuventræ.

- Vi rulla opp mange fine angrep og gjorde ein god førsteomgang. Men vi presterte ikkje betre enn midt på treet i dag, synes trenar Frank Hellevik.

Torkel Hjertnes og Christian Almeland skåra Os sine mål.

Dårleg utteljing
Starten av førsteomgang var litt rotete, med fine forsøk, men noko upresist mot eit hardtarbeidande Fyllingen.Men så fekk Os det til å stemma, og skåringa kom etter ein serie av gode angrep.

Erik Kanestrøm skaut utanfor lengste stolpe frå spiss, men overkomeleg vinkel og Tore Valvik trefte ikkje ballen skikkeleg på noko som også var ein stor sjanse til Os. Preben Borgen skaut i tverrliggar rett før Torkel Hjertnes sette inn 1-0.

I andre omgang hadde både Tim Henrik Sperrevik og Vegard Leikvoll Moberg skot i stang og tverrliggar.

Fyllingen tok over
I andre omgang tok gjestane leiinga. Os utlikna, men Fyllingen skåra nok eit mål før kampslutt.

- Andre omgang var ikkje så god. Det blei ein del hawaiifotball og Fyllingen takla dette best. Eg liker ikkje å tapa, men gjestane fortente å vinna i dag, meiner Os-trenaren.

Desse starta for Os (4-3-3):
Halvard Enes, Daniel Kalstad, Endre Brenne, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Vegard Leikvoll Moberg, Tore Valvik, Frode Buvik, Preben Borgen, Torkel Hjertnes og Erik Kanestrøm.

I pausen kom Baste Jonassen og Tim Henrik Sperrevik inn for Borgen og Kanestrøm.
Utover i 2. omgang kom Christer Olsen inn for Hjertnes, Christian Almeland inn for Kalstad, Tom Skråmestø inn for Buvik og Stian Lunde inn for Merai.

- Stian, som har vore skadd i det siste, er tilbake og blir klar til seriestart, fortel Hellevik om Os-kapteinen.

- Elles synes eg Torkel gjorde nok ein kjempekamp som spiss og Christer hadde ein friskt innhopp. Frode var også god, saman med Halvard, som gjer eit godt feltarbeid og ikkje hadde sjanse på måla som kom imot.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.