Sport | 25. aug. 2014

Tapte i Haugesund

Os var suverene på heimebane, men i dag blei Haugesund 2 for sterke.

Tapte i Haugesund
Heime (bildet) vann Os 7-1, men i dag blei det 3-0-tap for Haugesund 2. (Bilde frå heimekampen, foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 25. aug. 2014 21:44

Måndag kveld spelte Os borte mot Haugesund 2.

Heime var Os suverene og vann 7-1, i dag gjekk det langt frå like bra.

Haugesund 2 - Os 3-0 (0-0)

– Dei stilte med nokre ganske sterke spelarar og var klart best. I første omgang hadde dei ballen mest, utan å skapa noko særleg, mens vi let oss stressa og fekk ikkje til spelet vårt, seier høgreback Torkel Hjertnes.

– Vi hadde nokre småsjansar og eit par cornarar på 0-0, og kom oss litt på stillinga 1-0, men etter at dei sette inn 2-0 på corner fekk vi ikkje til mykje meir.

Os stilte utan Christer Olsen (karantene), som skåra tre mot Haugesund 2 på heimebane, og forsvararane Dani Bergstø (skade) og John Ole Johannesen (karantene). Venstrebackane Fredrik Heggeland var sjuk og Glenn Krossøy var med, men var småskadd og fekk ikkje spela.

– Både Frode og Emilis fekk kvar sin smell i kampen i dag, men fullførte. Eg håper det ikkje får noko å seia for oppkjøringa til heimekampen søndag, for då må vi vinna, seier Hjertnes.

Os (4-3-3): Frode Øvredal - Torkel Hjertnes, Børge Borgen, Emilis Zilinskas, Stian Bakke - Stian Lunde, Mats Lepsøe (Ørjan Glesnes), Erik Kanestrøm - Anders Kinden, Joakim Hovden (Emil Halver) og Roar Vestbø.

Os møter Fyllingsdalen 2, som dei tapte 1-3 for på bortebane, i neste runde.

Os ligg no på 5. plass 11 poeng bak serieleiar Odda.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.