Sport | 25. mai 2019

Tapte i Haugesund

Lysekloster fekk ein tøff bortekamp.

Tapte i Haugesund
Lysekloster har slite mot Vard Haugesund før, som her i 2016. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 25. mai 2019 16:23

I ettermiddag spelte Lysekloster borte mot Trætteberg sin gamle klubb, Vard Haugesund.

Det enda med 2-0-tap.

– Det starta jamt, men så føler eg at vi tok over, i alle fall fram til dei skåra, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Vard Haugesund gjekk opp i 1-0 i 31. minutt og auka til 2-0 i 64. minutt.

– Vi hadde ein god start på andre omgang, og hadde to store sjansar. Men frå 0-2 og ut var vi ikkje gode nok, og Vard Haugesund vann fortent.

Lysekloster gjorde to byte i løpet av dei første 46 minutta, Simen Næss måtte av banen i 27. minutt, Dino Omerovic i 46. minutt.

– Simen hadde nokre smerter i hamstring, og måtte gje seg, fortel Hetlevik.

Lysekloster ligg no på 6. plass med 10 poeng.

Neste kamp går heime mot Strømsgodset 2 neste laurdag.

– Det blir nok ein tøff kamp det òg. Sjølv skal vi konsentrera oss om det som skjer på treningsfeltet, vi har eit par ting som ikkje er heilt på plass enno.

Terminliste og tabell på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.