Lokal | 21. des. 2017

Tapte kampen om kontantstøtta

Budsjett 2018 • Det blei diskusjon om kva som er best for bornet, då KrF/Sp tapte kampen om kommunal kontantstøtte.

Tapte kampen om kontantstøtta
Tryggve Lillestøl og KrF tapte kampen om å oppretthalde den kommunale kontantstøtta (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 21. des. 2017 12:28

Då kommunestyret handsama budsjettet for 2018 tysdag kveld var det ikkje uventa den kommunale kontantstøtta som blei eit av dei største diskusjonstema.

– Vi trur foreldre fullt ut er i stand til å velgja når dei har gode og reelle ordningar å velje i. Vi er usamd i det rådmannen hevdar om at om at borna får betre integrering og språkutvikling i barnehagen. Forskning syner det motsatte. God integrering må løysast med kjernetid i barnehagane, ikkje ved å fjerna valfridommen, hevda Siren Tømmerbakke (Sp) då ho presenterte budsjettframlegget.

Gav skryt for løftebrot

Gisle Hesjedal (Ap) meinte det var på tide å gje V/H/Frp skryt for å ha brote valløfta sine.

– Eg vil skryta litt av V/H/Frp som alle bryt eit løfte dei gjekk til val på i 2015. BT hadde då ein serie som heitte «Kan du love». Der blei det stilt spørsmål om dei kunne love at Os kommune skulle helde fram med den kommunale kontantstøtta.

– Der svarte både Jon Sivert Rykkel, Marie Bruarøy og dåverande ordførar Terje Søviknes at de ville vidareføra den.

– Eg vil skryta av at dokke bryt det tåpelege valløftet de gav. Det er opplagt at det hemmar integrering. Svært mange av dei som mottek det er framadspråklege. Dessuten hindrar det, spesielt mødre, frå å komma seg ut i arbeidslivet og borna å komma seg i barnehagen, påpeika Hesjedal.

– Er det galt i å endra seg når ein ser at noko ein har kjempa for er feil eller skal ein fortsette å tvera på noko ein ser har vore feil, kommenterte Gustav Bahus (Frp) i ein replikk.

– Vi held i allefall vårt valløfte. Vi må legga oss på minne at det gjeld både norske og framadspråklege innbyggjarar. Det er ikkje klart at det har så voldsom effekt på integrering, svara Jakob Enerhaug (KrF).

Finst framleis

Laila Reiertsen (Frp) minna om at det framleis finst statleg kontantstøtte.

– Vi må ikkje gløyme at det framleis er ei statleg ordning. Det er langt frå alle kommunar som har ein eiga støtteordning. Sjølv om vi har støtta det før, så har vi erkjent at det kanskje ikkje er det beste tilbodet lenger.

Jakob Enerhaug skjønte ikkje kva som hadde endra seg det siste året.

– I fjor sa alle tre partia ja til kommunal kontantstøtte. Eg har ikkje registrert at det har kome dramatisk ny kunnskap om kontantstøtta. Eg forstår ikkje endringa frå posisjonen.

– Endringa er prioriteringane i vårt budsjett. Vi har prioritert meir til barn og unge. Så lenge den statlege kontantstøtta finst, så kan vi forsvara det. Då har framleis foreldra valfridom, svara Reiertsen.

– Vi har respekt for at nokre foreldre hadde ønska seg at den blei vidareført, men rådmannen er ganske tydeleg. Eg registrerer at KrF ikkje er samd i det, men eg har oppfatta det annerleis og at den slår uheldig ut i høve integrering. Det tek eg på ramme alvor. Det handlar om å ta ansvar, supplerte Marie Bruarøy (H).

Må kunne morsmålet først

Tryggve Lillestøl (KrF) såg at slaget var tapt, men lot den likevel ikkje fara.

– Det er ei kjensgjerning at det er i trygge omgjevnader ungane lærar språket sitt best. Dei første åra har du det best og tryggast heime. Difor er det viktig å ha kontantstøtta frå staten og det har vore eit veldig pluss at Os kommune har klart å halde på den. No forsvinn den dessverre. Den tryggleiken som ungane lærer heime, forplantar seg til skulealder, hevda Lillestøl som umiddelbart fekk reaksjon frå Eirik André Hesthamar (Frp).

– Eg opplever at representanten drar likheitstrekk mellom å vera trygg heime og språkopplæring. Då kunne eg tenkt meg dokumentasjon på det. Det er viktig at mange av dei framandspråklege får ei god dose norsk før dei byrjar på skulane våre. Eg trur dei får ein høgre andel norskopplæring i barnehagen enn det dei får heime, kommenterte Hesthamar.

– Poenget mitt var at dei må ha morsmålet sitt i ryggsekken for å læra eit anna språk, og det lærer dei best dei første åra, heime i trygge omgjevnader, svara Lillestøl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.