Tapte med 18 mål
I januar møter dei Åsane ein gong til. Pluss serieleiar Gneist.
Osdamene starta sesongen greit, med tap i to jamne kampar på Austlandet før dei vann 2 av dei 3 første heimekampane.
I går tapte dei borte for Åsane med heile 18 mål, kampen enda 40-22 (19-10).
Marie Henriksen Håland og Nora Berge blei toppskårarar for Os, med 4 mål kvar. Tre av Åsane sine spelarar skåra 8 mål eller meir.
Os ligg no på nedrykksplass etter 3 sigrar og 8 tap, over Sotra og jamt med Bjørnar og Stord, som òg står med berre tre sigrar.
Får ein tøff start på 2018
Andre halvdel av sesongen startar for Os sin del med bortekamp mot serieleiar Gneist og nok ein kamp mot Åsane, denne på heimebane.
Seinare i januar skal dei over fjellet for å bryna seg på Oslo-Studentenes IK og tabelltoar Oppsal 2.