Tapte med eitt mål
Damelaget slurva og gjekk på knepent tap for Sotra, herrelaget var god i starten og slutten av kampen, men tapte med 7 mål for Årstad.
Både damelaget og herrelaget til Os spelte heimekampar søndag.
Damene tok imot Sotra, som dei slo 20-30 på bortebane i haust. I dag blei det tap med eitt mål.
Os - Sotra 28-29 (13-15)
– Vi hamna fire mål bak, men spelte oss inn igjen før pause. I 2. omgang tok vi skikkeleg tak i det og skaffa oss ei tomålsleiing, seier trenar Erlend Lyssand.
Han skuldar på slurv og unødvendige tekniske feil som årsak til at Sotra gjekk i leiinga igjen.
– Vi kasta vekk ballen i upressa situasjonar og slapp inn for mange mål i dag.
Elise Hjelle og Line Hjelle Berentsen blei toppskårarar for Os med 7 mål kvar. Aurora Forstrønen, som debuterte i førre runde, får ros for god framgang og prestasjon i dagens kamp.
Nytt tap til herrelaget
Herrelaget gjekk på sitt sjette tap på rad då dei i dag brynte seg på Årstad.
Årstad vann bortekampen 28-21, i dag blei det eitt mål meir til begge lag.
Os starta med å leia 5-1, men hamna ti mål bak på 15-25. Mot slutten tok dei tak i det, men kampen enda 22-29.
Isak Røen og Joakim Blostrupmoen blei toppskårarar med 6 mål kvar.
Os speler dei neste tre kampane på bortebane mot Bergen Vest, Bjørnar og Kjøkkelvik.