Sport | 04. jan. 2014

Tapte med fem mål

Line Berentsen bøtta innpå med mål og unge Stine Færøvik (bildet) imponerte på strek. Men Os klarte ikkje å vinna den viktige kampen mot Jotun.

Tapte med fem mål
Stine Sandven Færøvik skåra tre mål heime mot Jotun i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 04. jan. 2014 21:01

Damelaget til Os fekk som venta god motstand då dei i dag tok imot Jotun i Oshallen.

Dei to siste oppgjera har enda uavgjort, men vi må seks år tilbake for å finna første heimesiger til Os over Jotun.

Os - Jotun 21-26 (11-15)

Oppgjeret starta jamt og målfattig, etter 10 minutt sto det 3-3.

Os tok leiinga då Irene Tangerås sette inn 1-0 på straffe, men dette var også den einaste gongen Os leia.

Frå 7-9 drog gjestane ifrå til 10-15, men Os reduserte rett før pause.

I 2. omgang gjekk Jotun opp i 13-20 og leia på det meste 14-22. Heimelaget henta seg aldri inn igjen, men kjempa kampen ut og skåra 7 mål i ein periode Jotun nøya seg med 4.

– Skuffande forsvar, imponerande strek

Trenar Erlend Lyssand meiner kampen blei avgjort på svakt forsvarsarbeid av Os.

– Vi plar vera betre enn dette. Jotun kjempa som venta hardt og dei fekk koma for lett til.

– Vi sakna Emilie Hjertnes i dag, ho er ekstra god på dette med å skapa overgangar, seier Erlend om Emilie, som ikkje rakk heim frå juleferie til kamp.

Mest oppmuntrande synest han var Stine Sandven Færøvik sine prestasjonar.

Stine, som fyller 18 år i februar, har fått få speleminutt i 2. divisjon før dagens kamp.

Mot Jotun skåra ho i dag sine første mål då ho reduserte til 8-11, 10-13 og 18-24.

Line Hjelle Berentsen blei dagens toppskårar med 9 mål framfor Maria Stangeland Lunde med 4 mål.

– Line skåra mykje, men det hadde eg også venta. At ho sette inn 5 av våre 6 første mål i 2. omgang er bra, men dagens høgdepunkt var ungjentene som Stine, Silje Martine Årseth og Silja Espelid, synest Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.