Tapte for økonomane
Os 2 tapte heimekampen mot NHH fredag kveld. Her er startellevaren til A-kampen i Odda måndag.


Norges Handelshøgskoles Fotballklubb slo Os 2 med to mål på Kuventræ fredag. Trenar Tore Nielsen meiner NHH sitt lag er det dårlegaste dei har møtt til no, og er skuffa over innsatsen til eigne spelarar.
- Det var tre situasjonar vi burde hatt straffe i, men vi skal ikkje skulda på dommaren etter dette tapet. Dårleg innstilling skuffa oss som prøvde å leia kampen, seier Nielsen.
Ifølgje trenaren styrte Os 2 kampen mot handelshøgskuleelevane, men viljen til å jobba hardt var ikkje der, og sjansane blei ikkje til skåringar.
- Motstandarane fekk straffe 22 minutt ut i kampen. Etter å ha tatt leiinga la dei seg bakpå, og det blei vanskeleg for oss.
I 80. minutt auka gjestane til 2-0, og Os 2 gjekk på sitt andre tap på rad.
- Det har vore mykje trening og ein del kampar den siste tida. Kanskje spelarane var litt metta. Vi får satsa på betre resultat mot Årstad i neste runde, tysdag 9. juni, også det på heimebane.
Kopperud med A-laget
Desse spelte frå start mot Odda (4-4-2): Anders S. Strønen, Anders Glesnes, Vegard Borgen, Dani A. Bergstø, Mats Lepsøe, Aleksander Lindkvist, Vegard Leikvoll Moberg, Erik Kanestrøm, Christian Almeland, Ramo Racic og Christer Olsen.
Byte: Kristoffer Sande kom inn for Lindkvist, Martin Eidsvik kom inn for Lepsøe og Espen Kopperud kom inn for Racic.
- Anders Glesnes gjorde ein god kamp mot ein dyktig venstrekant hos motstandarane. Espen Kopperud har gjort så fine innhopp på Os 2 at vi tar han med til Odda i morgon.
Odda sterk på heimebane
Måndag ettermiddag spelar A-laget bortekamp i Odda. Odda har vunne begge dei to heimekampane dei har spelt til no, med målforskjell på til saman 7-0 (4-0 over Bjarg og 3-0 over Trio).
- Odda var sterke heime også førre sesong, så vi reknar ikkje med å få noko gratis i morgon, seier Nielsen.
Desse spelar frå start mot Odda (4-3-3): Halvard Enes, Anders Glesnes, Einar Algrøy, Per S. Merai, Remi Osebakken, Stian Lunde, Vegard Leikvoll Moberg, Tore Valvik, Torkel Hjertnes, Andreas Bjørnen og Tim Henrik Sperrevik.
Med som reservar blir: Anders S. Strønen, Preben Borgen, Vegard Borgen, Tony Skarvatun, Erik Kanestrøm, Christer Olsen og Espen Kopperud.