Tapte opprykkskampen
Bildeserie: To frispark gav to Sædalen-mål og slutt på sesongen for Søfteland.
Det var stor interesse rundt toppkampen mellom Søfteland og Sædalen på Stilvoll laurdag formiddag. Omlag 70 tilskodarar hadde funne vegen i regnet. Til og med kretsen fann å senda tre dommarar til Søfteland laurdag.
– Du veit det er toppfotball når det er linjedommarar på Stilvoll, lo dei på tribuna.
Frispark gav mål
Førsteomgangen blei ein relativt jamnspelt kamp, kor Søfteland freista å spele ball, medan Sædalen gjekk for meir kraft.
Omlag tre minutt før pause fekk Sædalen betalt for dei lange oppspela då ein Søftelandforsvarar fekk dommaren mot seg i hovudduell og gjestane frispark midt foran mål på omlag 20 meter.
Ei lita feilvurdering frå Søftelandkeeperen opna det lengste hjørnet og Sædalen gjekk opp i 0-1.
Nytt frispark, nytt mål
Berre tre minutt ut i andre omgangen fekk Sædalen igjen frispark. Denne gong på hjørnet av 16 meteren. Eit godt utført frispark blei løfta over muren og oppe i det næraste krysset, utagbart for keeper.
Etter dette var det mest berre eit lag på bana. Søfteland hadde spelet og ballen og pressa på med det dei hadde av folk, men Sædalen var smarte og kyniske og rydda unna det eine angrepet etter det andre.
– I dag var det eitt fotball-lag og eitt som elskar å kasta.
– Vi vil heller utvikla oss og spelet enn å drive på på den måten.
– Eg er nøgd sjølv om vi taper kampen. Dei skårar på to frispark, det nytter det ikkje legge seg ned å grina over, oppsummerar Søftelandtrenar Raymond Pedersen.
– Søre Neset vann sin kamp 2-0, det betyr at det ikkje blir kvalikk på dykk, kva tenkjer du om det?
– Dei gjorde det ja.
– Det er klart der kjedeleg å ikkje få spela kvalikk, men det er ein ny sesong til neste år.
– Vi får satsa på ein god treningsvinter, så reiser vi oss igjen, avsluttar Pedersen.