Tapte på bortebane
• Os tapte for Stord, Søfteland vann toppkamp• Søre Neset og Lysekloster tapte • Nore Neset vippa Lysekloster 2 av toppen på tabellen.
Fredag og laurdag har 6 av dei 7 seniorlaga i Os vore i sving.
Serieleiarane Os og Lysekloster i 3. og 4. divisjon tapte sine kampar, og Søre Neset tapte for serieleiar Bremnes heime medan Søfteland slo serieleiar Fotlandsvåg.
Derbyen Nore Neset - Lysekloster 2 enda uavgjort, noko som gjorde at Lysekloster 2 no er tangert i poeng og forbigått på målforskjell på tabellen. Nore Neset ligg på 4. plass 4 poeng frå toppen.
3. div.: Stord - Os 4-2 (les meir om kampen under)
4. div.: Brann 3 - Lysekloster 4-3
5. div.: Søre Neset - Bremnes 0-2
6. div.: Søfteland - Fotlandsvåg 4-2
6. div.: Nore Neset - Lysekloster 2 3-3
Os 2 speler borte mot Olsvik søndag kveld.
Stord - Os 4-2 (3-2)
Målskårarar, Os: Anders Kinden og Preben Borgen (straffe)
Os: Anders Kloven - Torkel Hjertnes, Tore Valvik, Per Søgnen Merai, Vegard Engelsen Moberg (Ramo Racic) - Simen Lassen, Stian Lunde - Fredrik Heggland, Anders Kinden (Tor Erik Kjosås Berge), Preben Borgen - Christer Olsen.
Os har hatt problem med å ta Stord før, både i 2. og 3. divisjon. I 2010 blei det 2-1-siger på heimebane, i fjor tapte Os begge oppgjera mot Stord (3-2 borte og 0-1 heime).
– Vi spelte godt i starten og kunne fint ha skåra 2-3 fleire mål dei første 20 minutta, men var litt uheldig, blant anna med spretten på ballen i avgjerande situasjon, seier assistenttrenar Tore Nielsen.
Stord tok leiinga i 10. minutt, Anders Kinden utlikna for Os i 15. minutt. I 44. minutt sikra heimelaget seg leiing til pause.
– Stord auka til 3-1 i 57. minutt, og då gjekk lufta litt ut av oss, fortel Nielsen.
Skåra på straffe
Os fekk straffe då Torkel Hjertnes blei tatt av keeper i 75. minutt. Preben Borgen reduserte for Os frå 11-metersmerket.
Rett etterpå skåra Stord igjen og 4-2 sto seg ut kampen.
Søndagskamp neste helg
Sandnes Ulf 2 slo svake Avaldsnes berre 3-2 i dag.
Arna Bjørnar slo Bjarg 2-0.
Her kan du sjå tabell og fleire resultat frå runden.
Os speler neste kamp på heimebane mot Kopervik søndag om ei veke (kl 19).