Tapte på Karmøy
Heime vann Os 8-0, borte starta det bra, men Kopervik kom sterkt tilbake.
Laurdag spelte Os 23. av 26 serierundar. Kampen gjekk på bortebane mot Kopervik, eit lag Os slo heile 8-0 på heimebane i vårsesongen (sjå video).
– Vi leia to gongar, men så kom Kopervik tilbake. Vi klarte dessverre ikkje å henta dei heilt inn igjen, seier venstrekant Erik Kanestrøm.
Kopervik - Os 4-3 (1-1)
Målskårarar, Os: Ramo Racic 2 og Preben Borgen.
– Vi leia 1-0 og 2-1 før dei gjekk opp i 4-2. Preben sette inn 4-3 på frispark, fortel Erik, som blei bytta ut rundt 60 minutt i kampen.
– Kopervik sto konsekvent rettvendt, slo framover og prøvde å følgja opp medan vi hadde ballen og spelet mest. Vi produserte bra med sjansar, men slit framleis litt med å omsetja desse til mål.
Os: Frode Moberg Øvredal - Torkel Hjertnes, Per Søgnen Merai, Håvard Grøteide, Fredrik Heggland - Preben Borgen, Stian Lunde, Tore Valvik, Erik Kanestrøm - Ramo Racic og Christer Olsen.
Innbytarar med speletid: Børge Borgen og Espen Kopperud.
Os sin neste kamp går heime mot Sandnes Ulf 2. Os 2, som er på veg til opprykk til 4. divisjon, speler heime måndag (kl 19) mot Olsvik.
Andre resultat frå 23. runde:
Austevoll - Stavanger 7-1
Bjarg - Åkra 2-0
Tertnes - Avaldsnes 3-1
Stord - Varegg blir spelt i dag, Arna Bjørnar - Haugesun 2 og Sandnes Ulf 2 - Skjold blir spelt måndag. Både Varegg og Sandnes Ulf 2 kan vippa Os ned frå 4. plassen på tabellen.