Sport | 02. nov. 2009

Tapte på tampen

Os spelte jamt borte mot Kjøkkelvik, men klarte ikkje å henta seg inn igjen då heimelaget drog ifrå etter pause.

Tapte på tampen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. nov. 2009 08:56

Laurdag spelte handballdamene til Os første kamp etter det sure heimetapet for Fana 18. oktober. Motstandar Kjøkkelvik har ikkje starta sesongen så bra, men før møtet med Os hadde dei fått tilbake playmakaren sin, og kampen blei jamn.

- Vi styrte store delar av første omgang, men leia stort sett berre med eitt til to mål. Til pause hamna vi eitt mål bak, fortel trenar Kenneth Husebø.

Andre omgang starta jamt, men etter at heimelaget fekk nokre avgjerder sin veg drog dei ifrå og leia ei stund med 4-5 mål.

- Det kollektive fungerte godt hos oss, men vi klarte aldri koma nærmare enn tre mål bak. Før slutt gambla vi litt, utan å lykkast, så sluttresultatet lyg litt, kampen var jamnare enn 34-27, meiner Husebø.

Saknar Malin
Mona Stigen får ros etter laurdagens kamp. Ho gjer det enkelt og skyt når sjansen er der, noko som resulterte i 7 mål.

Malin Hjelle Berentsen er på ferie, og det er noko laget merkar.

- Vi manglar litt for å vinna slike jamne kampar, men er ikkje så lang ifrå heller. Malin er vekke ein månad, vi saknar den kreative backen vår.

- Men vi fekk heldigvis andre ting å gleda oss over laurdag. Jentene fekk tekstmeldingar frå Kuventræ med fotballresultat, seier Kenneth, og sender gratulasjonar til fotballgruppa som rykte opp med to lag.

Spelarar, Kjøkkelvik-Os (mål i parantes): Madeleine Hjertnes (2), Tonje Hjertnes (2), Maria Stangeland (2), Hilde Kristine Røttingen (5), Astrid Nybø, Ingvill Hefte (7, 3 av dei på straffe), Mona Stigen (7), Elise Hjelle (4, 1 av dei på straffe), Trine Balland.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.