Sport | 26. mars 2011

Tapte på ti minutt

Semifinale i vinterligaen: Etter å ha pressa ein heil omgang sleppte Nore Neset inn fire mål på 10 minutt.

Tapte på ti minutt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 26. mars 2011 09:57

Fredag kveld spelte Nore Neset, som i fjor, semifinale i vinterligaen til Tornado Bergen. Årets motstandar, Djerv 2, speler i same divisjon som nyopprykka Nore Neset, i same sjettedivisjonsavdeling som like nyopprykka Søfteland og Lysekloster 2.

Djerv 2 skåra det første målet, headinga på eit godt innlegg frå kant var umogleg for keeper Erik Askvik å ta. Men det var Nore Neset som starta best, dette var kanskje einaste sjansen djervane hadde før pause.

- Vi hadde ballen og vi hadde initiativet, Aleksander Havsgård dribla rundt på venstre kant og kom til skot, men ballen ville ikkje inn. Per Olav Strønen knall til med frispark i kryssen og ut og Alexander Thuen fyrte av mot kryssen, men utruleg nok klarte keeper å redda, oppsummerer medspelar Paul-Kristian Haldorsen.

Også Haldorsen var nær på å skåra på frispark. På corner var han meir heldig, denne fann Strønen, som utlikna før pause.

Andre omgang starta ikkje like bra. Litt uggen over manglande utteljing i første omgang gjekk Nore Neset på banen og blei rundspelt i ti-femten minutt.

Djerv 2 skåra fire raske mål, Remy Snilstveit si perleskåring frå 17 meter blei ikkje meir enn pynt på resultatet.

Alexander Thuen blei utvist då det sto 15 minutt igjen og kampen enda for Nore Neset sin del med 2-5-tap.

- Vi er uansett nøgd med å ha kome lengst av laga frå Os, det er ein siger i seg sjølv å vera betre enn både Lysekloster 2 og Søfteland no før seriestart, seier Haldorsen.

Han gleder seg også over lagkamerat Aleksander Havsgård sin form, Havsgård skal ha vore banens beste i går. Knut Jørgen Austevoll gjorde comeback i semifinalen, på topp med Alexander Thuen, og der viste Austevoll at han framleis er i form.

Desse spelte frå start i semifinalen: Erik Askvik, Espen Lie, Jørgen Nilsen, Ivar Bøthun, Christer Røen, Paul Kristian Haldorsen, Per Olav Strønen, Kristian Minde, Aleksander Havsgård, Knut Jørgen Austevoll, Alexander Thuen

Innbytarar med speletid i kampen: Knut Sigve Gjerstad, Remy Snilstveit, Morten Lekven, Geir Andre Johnsen

Nore Neset startar serien på bortebane mot Minde fredag 8. april. Første heimekamp blir mot Åsane sitt gutelag laurdag 30. april (kl 15.00).


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.