Fabian Bødtker sitt 3-1-mål i det 89. minutt heldt ikkje til siger mot Sandviken (arkivfoto: AH)

Mista to poeng på overtid

Os leia 3-1 etter 89 minutt, men måtte nøya seg med uavgjort i toppoppgjeret mot Sandviken.

Av: Andris Hamre

Søndag tok Os turen til Stemmemyren for å møte Sandviken, som før kampen låg tre plassar bak serieleiar Os.

– Vi speler ein god førsteomgang, men er uheldige med at vi får eit mål imot, seier Os-trenar Tim Sperrevik etter den første omgangen.

Os går til pause med 2-1-leiing.

Målskårarar for Os før pause er Rafael Villen Villen på straffe og Marius Mikkelsen.

Sandviken - Os 3-3 (1-2)
Os sin tropp:
Frode Moberg Øvredal, Alexander Dale, Harry James Moore, Martin Røttingen Eidsvik, Endre Ove Brenne, Marius Mikkelsen, Øystein Takle Eide, Rafael Villen Villen, Christoffer Hafsås, Sander Fagerbakke Kvittingen, Steffen Kvamsdal, Alexander Mjånes Tøssebro, Fabian Bødtker, Steffen Årseth Ljosheim, Anders Hjelle Havsgård, Divaldo Cardoso, Håkon Fagerbakke Kvittingen, Anders Fossen Lunde

Rotete omgang

Andre omgang blir ifølgje Sperrevik av det meir rotete slaget.

– Det blir forsåvidt ei jamn affære, men i dag føler eg vi roter vekk to poeng. Fabian Bødtker skårar i det 89. minutt, men likevel endar kampen uavgjort.

– Den første reduseringa kjem etter eit balltap på sida, kor vi er feilposisjonert. Utlikninga kjem etter at Sandviken har tre cornerar på rad kor vi ikkje klarer å få ballen unna.

– Vi har kun oss sjølv å skylde på i dag. Vi får skrive det på kontoen for sterk varme og kok, men eg er ikkje nøgd med å tapa to poeng. Kampen varer til dommaren bles av.

– Det er inga katastrofe å tape to poeng mot Sandviken, så no får vi berre jobba vidare og reise kjerringa neste helg.

Fleire saker