Tapte for Solid

Søre Neset var sjanselause i bortekampen mot jojo-laget Solid.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Dei siste åra har Solid gått opp og ned mellom 3. og 5. divisjon. I 2006 klarte dei ikkje å stilla lag i kamp mot Os i 3. divisjon, no leiar dei 5. divisjon.

- Eg har spelt mot dei for fleire lag i fleire divisjonar. I år har dei eit nesten nytt lag, med berre tre spelarar frå i fjor. Eg trur mange av dei nye spelarane er gamle heltar frå sunnhordlandsklubbar i høgare divisjonar, seier Frank Haugland.

Laurdag gjekk Søre Neset på sitt første tap denne sesongen, heile 4-0 baklengs på bortebane.

- Det var kanskje eit par mål som kunne vore unngått, men på den andre sida skapte vi knapt ein sjanse, så resultatet er heilt ok.

- Men dei var ikkje betre enn at vi skal ta dei på heimebane, legg Haugland til.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11