Tapte toppkamp
... men det er framleis håp om opprykk for damelaget til Os.


Søndag spelte Os det som kanskje var sesongens seriefinale.
Sund kom på besøk med ein målforskjell på 33-2 etter 5 sigrar på 5 kampar mot eit Os som hadde 4 sigrar og 1 uavgjort før toppoppgjeret.
– Sund er det beste laget vi har spelt mot på fleire år, dette er minst 3. divisjonsnivå, seier trenar Cato Moldskred.
Kampen enda 0-3 etter at gjestane leia 0-1 til pause.
0-2-skåringa førte til ein del protestar, då keeper og fleire Os-spelarar blei skubba inn i mål før skåringa, som blei godkjent.
– Vi klarte oss ganske bra og gav aldri opp. Då vi jaga skåring på slutten opna det seg litt opp og Sund fekk 3-0-målet på slutten av kampen.
Moldskred tviler på at Os har håp om å vinna avdelinga, men klarer dei andreplassen får dei spela kvalifisering om opprykk til 3. divisjon.