Lokal | 28. feb. 2014
Tar avstand frå narkotika
Unge Høyre og Høyre i Os tar avstand frå all legalisering av og bruk av narkotika.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. feb. 2014 08:50
Pressemelding/lesarinnlegg:
Debatten dei siste dagane om legalisering av bruk av narkotika, blant anna cannabis, er ikkje i samsvar med Høyre sin politikk og dei verdiane partiet står for.
På vegne av Os Høyre og Os Unge Høyre tar vi på det sterkaste avstand frå all bruk av narkotiske stoff og støttar ikkje forslag som medfører noko som helst form for legalisering av og bruk av slike stoff.
For Os Høyre og Os unge Høyre
May Brit Haringstad Mjøs og Emil Brimsholm