Hans Otto Bruarøy byrjar i ny jobb på Kuventræ i neste veke. I dag helste han på hovudtrenar Hassan El Fakiri. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tar control på Kuventræ

Han var kretsmeister i fotball på 60-talet, og på 2000-talet. Tysdag startar tidlegare Nokas-tilsette Hans Otto Bruarøy (65) i jobben som controller i Os Fotball.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– No blir Endre glad, seier Hassan El Fakiri, som i dag helste på ferskaste skot på stamma i leiinga i Os Fotball.

Spelar og spelarutviklar Endre Brenne fekk ekstra mange oppgåver då hovudlaget, Os Turnforening, fjerna dagleg leiar-stillinga Hans Parnefält har hatt dei siste åra.

Brenne blir avlasta av ein som bokstavleg talt har ein mannsalder bak seg innan både lokalfotballen og administrative økonomioppgåver.

Rodde og sykla til trening på Kuventræ

Hans Otto Bruarøy er fødd i 1950. Tidleg på 60-talet debuterte han for Os, i ei tid då fotballen på Kuventræ opplevde stor rekruttering og dominerte med kretsmeistrar både på smågut-, gut- og juniornivå.

– Eg og Einar Dale rodde til Lepsøy og sykla til Os for å trena. Det var ei veldig kjekk tid.

Seinare har han spelt i 2. divisjon, vore oppmann og assistenttrenar for A-laget til Os under Arne Hitland og vore spelande trenar på Øyglimt sitt oldboyslag.

Med Øyglimt blei det kretsmeistertittel i 7 av 9 sesongar, seinast på 2000-talet. Bruarøy har òg vore trenar for Søre Neset og Søfteland.

– Brukte litt tid på å bestemma meg

Trenarutdanninga tok han saman med Egil Hodneland, som òg er ein kamerat privat, og som er tilbake i styret til Os Fotball. Hodneland var blant dei som anbefalte Hans Otto inn i administrasjonen.

Etter 40 år i Nokas (tidlegare Norges Bank) gjekk Bruarøy av med førtidspensjon i 2008. Etter nokre år starta han i deltidsstilling i Kime Kommunikasjon AS i Bergen.

Tysdag startar han i jobben som controller i 40 prosent stilling.

– Eg måtte tenka på tilbodet ei stund. Eg veit at stillinga vil krevja ein del, truleg meir enn 40 prosent, og eg har lyst å gjera ein skikkeleg jobb.

– Kva eg gjer med jobben i Bergen er uvisst, men det kan nok bli noko nedtrapping, at eg slepp å reisa til by'n. Eg nærmar meg jo pensjonsalder, seier Hans Otto, som fyller 66 år i år.

– Vi har vore heldige

Os Fotball har i vinter fått nytt styre.

Alle medlemmane frå førre styre, Per Olav Sørås, Knut Haddal, Egil Hodneland, Annette Hjelle Kleppe, Anita Egge og Frode Steffensen, held fram. I tillegg har Erlend Eidhammer, Helge Olav Nygård, Bjørn Aadland, Terje Kvittingen, Jan Ole Fagerbakke og Eivind Fauske kome inn.

Eidhammer har overtatt som leiar etter Haddal.

– Vi er veldig glade for at vi fekk Hans Otto inn i denne stillinga, seier Eidhammer.

– Det er ikkje lett å få tak i dyktige folk i 40 prosent stilling, men han er i ein posisjon der dette passa han bra, og slik vi ser det har han ein ideell bakgrunn.

– Vi treng ein som har struktur. Fotballgruppa har overtatt FFO-en frå hovudlaget og det er mange oppgåver for administrasjonen. At han har denne formen for sportsleg bakgrunn er ein bonus.

– Frå å vera eit klubbhus der det før var stille på dagtid er det no eit yrande liv, med akademiet, fotballfritidsordning, fotballgymnas og fleire tilsette. Klubbhuset har blitt ein plass der du no kan koma innom kor tid som helst og slå av ein prat eller ta ein kaffi, seier den nye styreformannen.

Fleire saker