Sport | 23. juni 2015

Tar ferie på 2. plass

– Det har gått over all forventing, seier trenar Rune Balland. Damelaget til Os avslutta vårsesongen med 5-0-siger over Bjarg.

Tar ferie på 2. plass
Her rundar Kine Thorsvik keeper og set inn 4-0. Kampen enda med 5-0-siger. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. juni 2015 08:37

Søndag spelte Os vårsesongens siste serierunde, med unntak av ein hengekamp dei må ta igjen etter ferien.

Uansett utfallet av denne sikra dei 2. plassen med ein overbevisande siger over Bjarg.

Os - Bjarg 5-0 (2-0)
Målskårarar: Kine Thorsvik 2, Linda Johansen, Trine Lund og Stine Krossøy.

Trine gav Os leiinga på straffe, Stine Krossøy skåra kampens siste.

Ungt lag

Rune Balland, som kom tilbake som dametrenar i vinter, synest vårsesongen har vore betre enn venta.

– Det har vore ein del sirkulasjon på spelarane, nesten halve laget er nytt og mange av dei er unge, fortel Balland.

Han har fått opp fem spelarar frå dei som spelte på det sterke J16-laget Os hadde i fjor. Mens Anne Fjeldstad, Andrine Døsen, Guro Veglo og Anna Moltubakk har gått til Gneist og Fana har Sukanya Sarasiri, Vy Nguyen, Tonje Lindbom, Elin Aadnevik og Marte Mjelde gått over til damelaget i eigen klubb.

– I tillegg har vi fått inn Karoline Thorsvik si søster, Kine, men ho skal til USA igjen til hausten. Stine Krossøy er også ein ung og ny spelar for oss.

Keeper er 16 år gamle Emilie Bøe, som også speler for Nore Neset/Os 1.

Les òg: Klatra seks plassar

Får fire kampar på to veker

Os har vunne 6 av 8 kampar i vår, og berre tapt for Bønes og eit A-prega Åsane 2.

Det er ingen opp- eller nedrykk til sommaren, første kamp etter ferien er heime mot Voss 2 fredag 14. august.

Os slo Voss 2 0-3 borte i serieopninga i vår.

Då dei skal ta igjen hengekampen borte mot Austevoll blir det heile fire kampar på Os siste halvdel av august.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.