Tar ferie på topp 7
Eirik gjekk nok ein gong trygt vidare i Idol. No blir det påskeferie i heimbygda.


Sein fredag kveld, etter ein mager norsk fotballkveld på Ullevål, var det tid for tredje finalerunde, der osingen Eirik Søfteland held fram med å levera varene.
Din eigen vri på ei kjent låt var oppgåva og Eirik, som var sistemann ut i kveld, hadde valt Kate Bush låta "Wuthering Hights" frå debutalbumet hennar The Kick Inside frå 1978.
– Denne Kate Bush-låta høyrtest ei stund ut som ei James Bond-låt, sa ein svært nøgd Gunnar Greve etter framføringa.
Kurt meinte han ikkje hadde vridd låta så mykje, Dansken syntest det var gøy, men litt som ein parodi,.
Tone var ueinig med begge, sa Eirik tok låta frå éin sjanger til ein annan, leverte bra og avslutta med; "baby, you light my fire!"
Og Eirik er vidare, også denne gong utan å vera tippa av dommarane som ein som skulle ryka, og utan å vera blant dei tre som blei ropt opp som dei med færrast stemmer.
Sverre, Georg og Martine fekk færrast og Martine blei den som rauk ut.
I påsken blir det ferie på deltakarane, fjerde finalerunde kjem fredag 5. april.
Les òg: – Enkelte sender over 100 sms-ar
I mellomtida skal Eirik, etter det Midtsiden kjenner til, ein tur heim til Os.
Der bør han bruka tida til å innfri løftet frå semifinalen; "mange klemmer til de som stemmer".