Lokal | 08. okt. 2014

Tar halve kaka

150 millioner i statlege midler, 150 millioner frå bompengeselskapet sikrar oppstart av E39 Svegatjørn-Rådal.

Tar halve kaka
Ordførar Terje Søviknes (Frp) og Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen (H) med kaka då planen for E39 Svegatjørn-Rådal blei sendt frå regjeringa til Stortinget (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 08. okt. 2014 14:19

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) blir omtala som budsjettvinnaren av statsrådene etter at finansminister Siv Jensen (Frp) presenterte statsbudsjettet onsdag.

Størst spenning lokalt var det knytt til om det ville komma statlege midler til E39 Svegatjørn-Rådal, eller om oppstarten måtte finansierast av låneopptak gjennom bompengeselskapet.

Då busjettet blei presentert låg det 300 millionar kroner inne til oppstart i 2015. 150 av desse som statlege midler og 150 forutsatt stilt til disposisjon frå bompengeselskapet.

– Ei deling som dette er heilt greitt.

– Det gjer at vi kjem i gang i 2015 som planlagt, kommenterer ordførar Terje Søviknes (Frp).

Framleis skal Stortinget gi si tilslutning til forslaget om delvis bompengefinansiering av Svegatjørn - Rådal.

Høgre nøgd

Os Høgre seier i ei pressemelding at dei er svært godt nøgd med statsbudsjettet som er lagt fram.

Leiar i Os Høgre, May Brit Haringstad Mjøs, meiner budsjettet har ein klar og solid høgreprofil.

– Spesielt nøgd er vi med at Os, i eigenskap av vekstkommune, har fått ein solid økning i tildelinga.

– Vi er også glade for satsinga på samferdsel, herunder tempo og gjennomføringskraft, og infrastruktur som venteleg vil komma Os til nytte og glede, seier Mjøs.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.