Tar imot kvinner og amatørar
Israelsk livvakt-instruktør kjem til Os for å halda kurs i nærkamp og eige sjølvforsvarkurs for kvinner.
I januar i fjor var dr Rony Kluger i Os for å halda krav maga-instruktørkurs for erfarne kampsportutøvarar.
– Denne gongen blir det heilt annleis. Det blir ope for alle som vil læra seg effektivt sjøvforsvar, også dei som ikkje er i form og som ikkje har kunnskap om kampsport, seier Cato Bruarøy.
Bruarøy er hovudinstruktør i karateforbundet WIKF Norge, men arrangerer også ulike kurs innan livvstil og helse, frå taiji til qi gong.
Mødre og døtrer
– Til helga blir det kurs heile laurdag og søndag. I tillegg har eg fått Kluger til å halda eit eige kompakt sjølvforsvarkurs for kvinner laurdag formiddag.
– Eg høyrer ofte snakk om at folk er interesserte i sjølvforsvarskurs for kvinner, anten på vegne av seg sjølv eller døtrene sine. Å få instruksjon av Rony Kluger er ein sjeldan sjanse.
– Folk reiser både frå Nord-Noreg og Oslo for å få med seg hovudkurset, som naturlegvis også er ope for jenter. Sjølvforsvarskurset for kvinner er meir kompakt, men med Kluger kan du læra ein del på tre timar, og det kan vera stor forskjell på å kunna litt og å kunna ingenting, seier Bruarøy.
Trener soldatar og livvaktar
Kluger har 8. dan (svart belte) i både karate og jiu jitsu, men er mest kjent for å vera blant dei fremste ekspertane i verda innan krav maga, Israeli Miltiary System of Self Defence, nærkampkunsten som er utvikla av det israelske forsvaret.
Han er også generalsekretær for International Bodyguard and Security Services Assosciation, og held kurs for politi og livvaktar, blant anna i USA.
– Teknikkane er effektive og realistiske. Nokre av dei er farlege og kan framstå som brutale. Begge kursa har 16-årsgrense.
– Heile systemet er bygd opp for å læra mykje på kort tid, det enkle og mest effektive er prioritert. Hovudkurset går over 6,5 timar per dag i gymsalen på Søre Neset, seier Bruarøy, som også arrangerer kurs andre stadar i landet.
Arrangør er Os Karateklubb i samarbeid med WIKF Norge.