Tar imot Stavanger
Vil Os gjenta Stavanger-suksessen frå 2007? Her er dagens startellevar.
Etter at Os rykte opp til 2. divisjon i 2006 var Stavanger sett på som ein av favorittane til opprykk frå 2. divisjon i 2007. Os tok imot Stavanger i sesongens andre heimekamp og vann 3-1.
Stavanger hamna på 2. plass det året, men rykte opp til Adeccoligaen året etter, i 2008. Same sesong rykte Os ned til 3. divisjon.
No er dei i same avdeling igjen, i 3. divisjon, og Os er klae til å måla krefter på nytt.
– Det blir spennande å sjå korleis vi klarer oss mot denne tidlegare så sterke klubben. Dei blir nok også i år blant våre sterkaste motstandarar, trur Os-trenar Tim Henrik Sperrevik.
Kampen startar klokka 16.
– Vi har lagt ei veldig god treningsveke bak oss så vi er klare for å testa formen.
Os stiller med desse frå start: Anders Kloven - Torkel Hjertnes, Per Søgnen Merai, Stian Lunde, Vegard Engelsen Moberg - Erik Kanestrøm, Tore Valvik, Simen Lassen, Fredrik Heggland - Preben Borgen - Christer Olsen.
Med seg på benken har han: Frode Øvredal, Børge Borgen, John Ole Johannessen, Håvard Kvittingen og Anders Kinden.
Os har 4 poeng etter sesongens to første rundar, Stavanger har full pott.
Medan Os har slått Bjarg 2-1 heime og spelt 0-0 på bortebane mot Åkra har Stavanger slått Avaldsnes 2-1 borte og Skjold 4-1 heime.
Arna Bjørnar ligg best an etter to rundar etter målrike 10-4 over Avaldsnes førre helg.
Midtsiden samleside: Fotball, Os herre
• Søndag kan du sjå damelaget til Os spela sesongens første heimekamp. Den startar klokka 18 og går mot Bønes. Damelaget starta sesongen med 1-1 borte mot Krabbetor.
• 4, 5. og 6. divisjon: Os 2 speler borte mot Fitjar søndag, Søre Neset speler heime mot Lyngbø 2 måndag (kl 19.30). Både Lysekloster, Nore Neset og Søfteland speler borte laurdag, Lysekloster 2 speler bortekamp søndag.
• 6. divisjon: Søfteland og Lysekloster 2 har full pott etter sesongens to første rundar i 6. divisjon, Nore Neset starta med tap, men følgte opp med 9-2-siger over Mann i førre runde.