Sport | 11. feb. 2019

Tar imot VM-helten på Flesland

Vil du gratulera Sverre Lunde Pedersen med dei tre VM-medaljane?

Tar imot VM-helten på Flesland
Brynjar Øvstedal og John Lepsøy var med og tok imot Sverre då han kom igjen frå OL i februar i fjor. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. feb. 2019 14:15

Sverre Lunde Pedersen kjem i kveld heim med VM-gull og to sølvmedaljar (lagtempo og 1500 meter) i bagasjen etter fantastiske løp i Inzell gjennom VM enkeltdistansar.

• Sjå òg: Varm velkomst for OL-heltane (26. februar 2018)

Fleire frå Os har plan om å ønska Sverre velkomen heim, nokre av dei reiser samla i minibuss.

– Eg har fire ledig sete, det er berre å ta kontakt, seier Tore Kleppe.

Han var blant fleire osingar som var i Inzell under 5000-meteren torsdag og lagtempo fredag.

Sverre flyr med Widerøe (flight WF219) frå München direkte til Flesland og landar klokka 23.05 i kveld.

– Håvard Holmefjord Lorentzen, som tok sølv, skal visst landa i 18-tida, så han får vi ikkje med oss, men Sindre Henriksen landar litt før Sverre, så han treff vi kanskje på Flesland.

– Om det er nokon som vil køyra til Flesland i samla flokk, møt oss gjerne på Plantasjen klokka 22.15, så fyller vi opp minibuss og bilar.

– Hugs å ta med flagg og det du elles har av norske supportereffektar!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.