Sport | 24. mai 2017

Tar Lysekloster på alvor

Brann tar ikkje lett på oppgåva når dei møter Lysekloster i 2. runde i cupen onsdag kveld. – Det er eit bra lag, seier Lars Arne Nilsen.

Tar Lysekloster på alvor
Børven, Karadas og resten av Brann tek ikkje lett på oppgåva når dei møter Lysekloster i cupen i kveld (foto: Ørjan Håland)
Andris Hamreonsdag 24. mai 2017 09:04

I kveld er det duka for tidenes oppgjer på Lysekloster Framo Idrettspark når Lysekloster tek imot Brann i cupen. Arrangørane ventar at publikumsrekorden på 1124 frå 1981 ryk i kveld. Her kan du lesa praktisk informasjon før arrangementet.

På spiontokt

Brann slo enkelt Austevoll 7-0 i cupens 1. runde, men ventar ein vanskelegare kamp i kveld. Branntrenar Lars Arne Nilsen har blant anna allereie vore i Lysefjorden for å spionera på Munkane, då dei slo FK Fyllingsdalen 2-1.

Han blei tydeleg imponert over det han såg.

– Eg meiner at Lysekloster har 2. divisjonsnivået inne. Det er eit bra lag, fortel han til Brann.no

– Det kjem heilt sikkert til å bli ein tøff fight. Eg trur det blir jamnt lenge, men vi bør slå dei og har veldig lyst til å gå vidare. Vi må ta dei på ferdigheit, fysikk og kvalitet. Motivasjon er det vanskeleg å ta dei på. Det er denne kampen dei huskar når dei sit i gyngestolen.

Kviler spelarar

Brann har hatt, og har, eit tett kampprogram.

– Vi har ein del spelarar vi er nøydd til å kvila. Vi får inn ein del nye friske folk som har lyst til å visa seg fram. Då mister vi jo litt relasjoner, sjølvsagt, men vi skal stille eit bra lag og kjem til å stille eit lag i balanse, seier Lars Arne Nilsen.

Troppen blir offentleggjort nærare kampstart. Brann har fått tildelt 1000 billettar til kampen, så det er venta trøkk på tribunen frå supportarar, som kanskje enno ikkje har kome seg etter feringa av den sterke bortesigeren mot Sogndal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.