Kultur | 09. des. 2010

Tar med dottera på Bar2Be

Bar2Be har tett LIVE-program i jula. Fredag inviterer dei til juledans med Helge Nilsen.

Tar med dottera på Bar2Be
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. des. 2010 13:54

- Eg synes det er veldig kjekt at vi får ein så flink og rutinert mann som Helge Nilsen til å synga jula inn, seier Marianne Curtis frå Bar2Be.

- Samstundes er dette litt spennande for oss, Helge appellerer til mange aldrar, og har lett for å få folk til å dansa, og swing er ikkje så ofte vi ser på parketten hos oss.

Sjølv om Bar2Be er kjent for å ha eit ungt publikum, trur Nilsen at både unge og vaksne kjem til å ha det kjekt på Bar2Be fredag.

- Musikk er som eit koldtbord, du et det du liker aller best, men har samstundes lyst på mykje anna. Vi gler oss til morgondagen og justerer repertoaret etter publikum utover kvelden.

Heim frå Canada
Dottera til Helge, Janneche Nielsen Friesen, bur i Canada, men er no heime i Bergen på juleferie.

- Førre helg var vi saman med fleire og spelte konsert i Samnanger. Banco Rotto står også på programmet. På Bar2Be blir einaste stad der berre eg og Janneche kjem, det skal bli ein kjekk kveld, trur pappa Helge.

Helge må samstundes forklara kvifor dottera skriv etternamnet sitt Nielsen, medan han sjølv bruker Nilsen.

- Eg heiter Nielsen eg òg, men bruker Nilsen som artistnamn. Det var ein gong i tida eg meinte det tok seg best ut på turnebussen, så då blei det sånn, ler han.

LIVE Karaoke og fleire konsertar
Bar2Be har ofte jam om torsdagane. Det skal dei også ha i jula, men no har dei starta med noko nytt.

- Vi har fått eige hus-band, så no kan vi også tilby vokalistar å stilla på jam. Det blir som karaoke, men med livaband som kjører musikken, fortel Curtis.

Fleire heile band skal også spela konsert på Bar2Be i jula.

Fredag 17. desember: Bone Shakers
Laurdag 18. desember: Red Hot Cherry Poppers

Jam er om torsdagane, som i dag, neste torsdag, julejam 23.12 og nyttårsjam 30.12.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.