Tar Os tilbake fortet?
Os vann alle dei 8 første heimekampane i år. I dag har dei sjanse til å klatra på tabellen og ta "Fort Kuventræ" tilbake.


Etter uavgjort mot Bjarg og 2-0-siger over Åkra har det blitt fire tap på rad for Os. Til og med på heimebane, der Os vann alt før ferien, har det blitt tap.
Nedturen har gått frå 1. til 5. plass på tabellen, men vegen opp til 3. plass treng ikkje vera så lang og hard.
I dag speler Os mot Varegg, som ligg på 4. plass 1 poeng framfor Os. Os har 32 poeng til no.
Stord ligg på 3. plass 4 poeng framfor Os etter 1 kamp meir spelt.
Haugesund 2 har overtatt topplasseringa med 45 poeng. Arna-Bjørnar ligg på 2. plass med 44 poeng.
Sandnes Ulf ligg bak Os med same poengsum, Austevoll ligg på 7. plass med 26 poeng
Her er kampane i runde 20:
Avaldsnes - Stord 1-1
Åkra - Sandnes Ulf
Os - Varegg (klokka 16.00)
Bjarg - Tertnes
Austevoll - Arna-Bjørnar
Skjold - Haugesund 2
Stavanger - Kopervik
Tabell, 3. div avd 7