Sport | 12. jan. 2010

Tar pause

Einar Algrøy gjev seg etter tre gode sesongar som midtstoppar for Os.

Tar pause
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. jan. 2010 21:31

Planar om husbygging til sommaren fekk tømrar og midtstoppar Einar Algrøy til å bli usikker før den komande sesongen.

- I tillegg fekk vi no nye arbeidstider fram til påske, 7-17 måndag til torsdag og fri fredag. Det gjer at eg ikkje ville fått tid til å reisa heim til Sotra frå Skjold, der vi no er på oppdrag, mellom jobb å trening, fortel Einar.

Nedtur og opptur
Algrøy gjekk frå Norheimsund til Os etter førre opprykk til 2. divisjon, før 2007-sesongen. Haustens siger over Austevoll, som sikra dobbelt opprykk, er hans beste minne etter tre sesongar for Os.

- Det verste minnet er nok tapet for moderklubben min, Nest-Sotra, som gjorde at vi rykte ned i 2008. Opprykket i haust var heilt fantastisk, og det einaste opprykket eg har vore med på i mi karriere.

På banen igjen?
Sjølv om 24-åringen no vil bruka meir tid med sambuaren og dottera deira, som fyller to år i morgon, har han også planar om å halda seg i form.

- Eg kjem nok til å trena for meg sjølv, og kanskje litt med ein lokal klubb på lågare nivå. Nå huset er ferdig bygd kjem eg sikkert til å byrja å spela fotball igjen, og eg har planar om å halda kontakt med Os og kameratane mine på laget.

Ikkje overraska
Os-trenar Frank Hellevik seier at den sportslege leiinga i klubben var førebudd på at dei ikkje kunne rekna med Algrøy i år.

- Han har gjort ein god jobb og eg hadde håpa på at vi kunne ha han med oss ein sesong til. Men vi visste at han var usikker og har erstattarar.

Fleire aktuelle
Blant stopparane nemner Hellevik Per Søgnen Merai, som starta ved sida av Algrøy i dei fleste kampane i fjor, Dani Alvær Bergstø, som han såg mykje positivt av i slutten av fjorårets sesongen, og Kjartan Svendsen, som er tilbake for fullt etter skade.

- Baste Jonassen kan også flyttast inn frå høgreback, og Kristoffer Sande, som gjorde mykje bra for Os 2 i haust, er ein interessant midtstoppar, seier Frank.

Endre Brenne, som er ny på Os i år, er også midtstoppar. Os er også i dialog med nokre andre forsvarsspelarar som kan bli aktuell for Os i 2010.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.