Kultur | 22. apr. 2011

Tar regien på natt til 1. mai

– Initiativet frå Jone og Suada passa perfekt, no tar ungdomen sjølv ansvar for kvelden før 1. mai, seier Kjetil Grønvigh.

Tar regien på natt til 1. mai
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. apr. 2011 06:44

Sjølv om ungdomane er i full aktivitet i musikkbinge og rockeklubb året rundt sette styret i Os Rockeklubb fleire tiltak for ungdom som eit viktig punkt i sin handlingsplan for 2011.

– Kvelden før 1. mai var naturlegvis ein dato som peika seg ut, denne kvelden er det vanlegvis fleire ungdomar i Os som er rastlause etter noko å finna på samstundes som foreldra er litt urolege for kva dei finn på, seier leiar i Os Rockeklubb, Kjetil Grønvigh.

Tuba, bass og skuleprosjekt

Då det byrja å nærma seg tid for å legga planar for denne kvelden kom tilfeldigvis Jone Finne Kuven til Kjetil med spørsmål om rockeklubben sitt lokale var ledig til eit prosjekt han hadde på skulen.

Jone speler bass i rockegruppa Pink Disease, som blant anna var å høyra på UKM i Fjellheim, og tuba i Os & Kuventræ skulekorps. Det var på øving med korpset at han fortalte Grønvigh om skuleoppgåva; å arrangera ein konsert.

Hand og hanske

Kjetil var ikkje sein med å kopla prosjektet til 30. april og gav samstundes Jone og klassevenninna Suada Kahrimanovic nokre hint om korleis dei burde jobba vidare.

– Oppgåva fekk vi UDV-timen (Utdannings vegleiing), vi kunne velja eit prosjekt og eg og Jone valte å arrangera ein konsert, fortel Sueada, som går i 8. klasse på Os ungdomsskule.

– Dette passa som hand i hanske. Men ein ting er å planlegga og skriva om eit arrangement, noko anna er å gjennomføra det. Eg gjorde det tidleg klart for Jone og Suada at det blei mykje jobb, seier Grønvigh.

Matematikk og timing

Plan, band, plakatar, billettsal, teknisk utstyr og varer å selja til publikum - alt må på plass og kvar oppgåve må utførast til rett tid før dørene opnar.

– Det blei også litt matematikk på arrangørane, å rekna ut kor mange band du treng og kor mange låtar dei skal spela er også ein del av jobben, seier rockesjefen, som nyleg hadde litt av eit puslespel då klubben sine 30 år skulle feirast i Fjellheim i februar.

Rusfritt tilbod

No nærmar det seg slutten av april og natt til 1. mai, plakatane er ferdige og billettane er lagt ut for sal hos Tor Owe Rennemo, som no er å finna bak Playcom sin disk.

– Vi legg ut 150 billettar, det er det vi har plass til. Det som ikkje blir selt hos Tor Owe sel vi i døra, seier Jone.

Siste innspurt blir å finna ulike sponsorar som vil koma med premiar til publikum. Nokre er allereie på plass, som Søfteland Rock N LoL, som har gjeve vekk pass til festivalen i juli.

– Det er ein del på vår alder som liker annan musikk betre enn rock og hardrock, men det er likevel mange som seier dei vil koma, fortel Jone.

Han skal sjølv spela med bandet sitt denne kvelden, i tillegg skal tre andre lokale band på scenen.

– Dette blir eit 100 prosent rusfritt tilbod til dei mellom 13 og 18 år. Vi opnar dørene tidleg og stenger 00.30, så foreldra kan henta ungane på Kuventræ før det blir for langt ut på natta, seier Kjetil Grønvigh.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.