Kultur | 19. sep. 2011

Tar sats i Oseana

Med 11 års erfaring, Spellemannspris og ein fersk 6-ar på nyaste album, «Prairie Sun», er ORBO & The Longshots klar for sleppefest i Oseana.

Tar sats i Oseana
Andris Hamremandag 19. sep. 2011 05:40

Fredag 23. september held Ole-Reinert Berg Olsen og resten av longshottane sitt første plateslepp i Os. Den nye storstova Oseana skal husa flinke og flittige musikarar som gradvis har klatra inntil det som kanskje er siste base før den verkelege klatringa mot toppen.

–Eg føler vi har gått alle stega, vi har ikkje fått noko gratis. Likevel har vi alltid klatra, selt meir og meir for kvar plate, fått meir og meir speletid på radio og betre og betre spelejobbar, seier ORBO.

Alle på fulltid

Ole Reinert var 23 år då han i april 2005 kom med debutalbumet «Seven». Det blei spelt inn i Nashville. Seinare har det blitt fleire turar over Atlanteren for å spela inn plate.

– Alle i bandet er fulltidsmusikarar no. Platesalet, som utgjer rundt 20 prosent av inntektene, dekker reisene og innspelinga, medan det er konsertinntektene sørgjer for at vi kan leva av dette.

I august kom femtealbumet «Prairie Sun», i hyllene, også dette var spelt inn i USA, denne gong var dei i studio i California.

– Det var heilt nydeleg. Det var på denne tida i fjor, det var varmt og godt, og vi budde på garden som Tom Waits bygde om til studio for nokre år sidan, seier Ine.

Øving, kva er det?

Sjølv om både Ole Reinert, Ine Tumyr, Reidar Opdal, Paul Inge Vikingstad og Stian Tumyr no kan bruka heile dagane på musikk blir det lite øving.

– Vi speler så mykje at vi treng ikkje øva mellom slaga. Eg trur det er ni månadar sidan førre øving, ler Ole Reinert.

– Eg trur ikkje snekkeren går heim og snekrar når han kjem heim frå jobb, seier Ine, og Ole Reinert ler endå meir.

Men om du trur at longshottane kan ta fri frå søndag til torsdag kvar veke så tar du feil.

– Det er mykje å gjera også mellom plateinnspelingane, spelejobbane og intervjua, det blir mange timar ved miksepulten i løpet av ei veke, seier ORBO, som sjølv har stått for produksjonen av «Prairie Sun».

– Eg har også produksjon for andre, nett no held eg på å laga plate for Robert Smith-Hald og De Musikalske Dvergene, avslører han.

Heller Tysnes enn TV

Neste steg kan bli som dei andre, litt opp, litt høgare. Men det kan også lausna skikkeleg, med gullplate, større publikum og meir TV-tid.

– Eg blei invitert av Ole Evenrud til å vera med på første runde med Idol, det året Kurt Nilsen vann. Men eg bestemte meg for å gå gradane, eg ville ikkje konkurrera innanfor musikk.

Det har likevel blitt ein del sendetid på TV, ORBO har vore i God morgen Norge på TV 2 fleire gongar, seinast i slutten av august. Men for at TV-tid skal skal få skikkeleg innverknad på platesalet reknar han med at Skavland eller Senkveld må til.

– Men der er det vanskelegare å sleppa til, dei tar helst inn artistar som allereie er i toppskiktet, ikkje dei som er på veg opp. Med mindre det er eigendyrka artistar frå realityseriar eller utanlandske musikarar på noregsbesøk.

– Norsk TV er ikkje særleg god på å følgja musikklivet i Noreg, men dette er ikkje noko vi tenkjer så mykje på. Vi er eit turnéband og speler heller for fullt hus på Søfteland Rock N LoL eller Tysnesfest enn går og ventar på at platesalet skal ta av.

Første USA-release

ORBO har vore i USA fleire gongar før, i hovudsak for å spela inn plate, men også på mindre turnear.

– Men dette blir den første offisielle utgivelsen vår i USA, med full promo og ein turné med tett program. Arbeidsløyve er på plass og ein promo-agent eg spora opp er sett i kontakt med plateselskapet vårt Grappa. Han har førebudd turneen godt, vi er spente på resultatet.

– Radio er nøkkelen i USA, og på turneen skal vi spela live på radio på dagtid før konsertane på kveldstid.

«Fortjener et gjennombrudd»

– Det skal vera eit sinnsjukt fett studio, fortalte ORBO til midtsiden.no då dei i fjor reiste til USA for å spela inn plata. Fett blei òg resultatet, «Prairie Sun» har fått same namn som studioet i den ombygde kyllingfarmen blei i august heidra med terningkast 6 i BT.

– «Prairie Sun» er ein vaksen manns verk, musikalsk det beste sidan Flying Norwegians «Wounded Knee» tidleg på 70-talet, skriv Ketil Johnsen i BT.

–Og teksmaterialet kan tyda på at sjefen sjøl til overmål har dirka seg heilt inn i jomfruburet og tatt kraftig for seg, held han fram.
Også Oppland Arbeiderblad og Sunnmørsposten har trilla terning, 6 og 5 med kommentarar som «Solfylt mesterverk» og «Fortjener et gjennombrudd».

Alt blir skrive i Os

Det siste året har Ole Reinert budd i Bergen, for å bu nærmare dottera han fekk i fjor. Men no er han tilbake i Solbakken i Os.

– Alt eg har skrive har eg skrive i Os. Med det same eg kom tilbake byrja eg å skriva låtar igjen.

– Låtskriving er eit overskotsarbeid og det er lettast å få overskot når du får litt ro rundt deg. Det får eg i Os, forklarar han.

På «Prairie Sun» har vokalisten og frontfiguren hatt Ine med seg på å skriva nokre av låtane. At Ine også har blitt meir tydeleg i lydbildet er også blant det BT set pris på.

– I starten blei eg veldig nervøs då eg skulle synga åleine, eg likte best å kora. No har eg kontroll på nervøsiteten, seier Ine, som dei fleste vil seia både ser trygg ut og stråler når ho er å scenen.

– Heile bandet har blitt betre, det er det som gjer denne plata bra. Eg merka det då vi spelte den inn, alt gjekk så lett. Det blir som å sjå gode fotballkampar, ingen kaving, spelarane finn kvarande og ballen treff der den skal.

Fredag 23. september kan du rekna med at ballen også treff der den skal, i Oseana. Bandet har med seg full blåserekke når dei slepp «Prairie Sun».

– Vi har hatt gode og folksame sleppefestar før, på blant anna Rick's i Bergen. No håper vi å sjå både osingar og tilreisande bergensarar i Oseana på fest før avreise til USA, seier ORBO.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.