Lokal | 23. jan. 2019

Tar utvida grunnundersøkingar

Dei siste vekene har dette 104 meter lange boreskipet ruva i Bjørnafjorden.

Tar utvida grunnundersøkingar
Fugro Synergy i Bjørnafjorden i går. Søre Øyane i bakgrunnen. (Foto: Oddmund Lunde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. jan. 2019 10:45

I november starta arbeidet med å utgreia fire brualternativ mellom Reksteren og Søre Øyane, eit arbeid som blir gjennomført av Aas-Jakobsen, COWI og Multiconsult med Johs Holt på oppdrag for Statens vegvesen.

Dei siste vekene har boreskipet «Fugro Synergy» lagt i den komande brutraseen i Bjørnafjorden.

Båten er 103,7 meter lang, 19,7 meter brei, har vekt på 6.543 bruttotonn, stikk 6,3 meter djupt og seglar under Bahamas-flagg. Den er bygd i 2009 og eigd av det store internasjonale konsernet Fugro, som blant anna har kontor i Bergen, Trondheim og Oslo.

Fugro Synergy tok ifølgje vegvesen.no prøvar frå botnen av brutraseer i Halsafjorden, Sulafjorden og Vartdalsfjorden i september i fjor.

– Utvida kartlegging av botnen

Vegvesenet stadfestar at båten er på oppdrag i samband med Hordfast og E39 Stord-Os.

– Fugro starta oppdraget på nyåret og avsluttar denne veka, seier prosjektleiar Mathias Eidem i Statens vegvesen.

Det er gjort grunnundersøkingar i Bjørnafjorden før, i samband med fjordkryssingsprosjektet.

– Årsaka til at vi har bestilt yttarlegare prøvetaking er at vi treng fleire data frå nokre område, både aust og vest for traseen i samband med forankring av flytebrua, og i skråiningane opp mot begge ilandføringspunkta, forklarer han.

Skal få fire forslag i august

Det skal utgreiast fire brualternativ basert på to hovudkonsept: sideforankra og endeforankra flytebru. Flytebrua er planlagt med gang- og sykkelveg, fire køyrefelt og ei fartsgrense på 110 km/t.

Arbeidet med konseptutgreiing held fram til august 2019.

– Får vegvesenet følgja arbeidet til ingeniørselskapa held på med, eller er du på sidelinja fram til ein presentasjon over sommaren?

– Vi har god oppfølging undervegs. Det hender at dei treng ting frå oss, så vi følgjer med på prosessane. Parallelt er det ein del jobb med planarbeid ute i kommunane inn mot departementet.

Ferjeturen som i dag tar cirka 40 minutter blir erstatta av ein biltur på 11 minutt om brua blir bygd. Brua blir i så fall 5 km lang. Til samanlikning er dei lengste bruene i verda over 100 km lange, Øresundbroen mellom Danmark og Sverige er 7,8 km. Men brua over Bjørnafjorden blir likevel verdas lengste flytebru.

• Midtsiden samleside: Hordfast



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.