Lokal | 28. okt. 2017

Tatt for 10. gong

Han har ikkje hatt førarkort sidan 2004, men køyrde motorsykkel likevel.

Tatt for 10. gong
Sikta blei stoppa på Ulvenvegen. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 28. okt. 2017 07:53

Ein mann som i juni blei stoppa på motorsykkel på Ulvenvegen måtte denne veka møta i retten.

MC-førar, ein mann i 40-åra, køyrde utan førarkort, og det er ikkje første gong.

Sikta er tidlegare straffa for 9 tilfelle av køyring utan førarkort. Han mista lappen i 2004 og har ikkje hatt førarkort etter dette.

Mannen møtte i retten og tilsto.

Ved dom for køyring utan førarkort for 5. gong eller meir er rettspraksis at det blir dømt fengsel utan vilkår.

Sikta blei dømt til 18 dagar fengsel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.