Tatt i 106 km/t i 50-sona
Bilførar, som var rusa på alkohol og hasj, forklarte at han skulle testa aksjellerasjonen på bilen.
Ein mann i 40-åra avslutta året 2016 med å bli tatt i meir enn dobbelt så stor fart som fartsgrensa på fv 158 Lepsøyvegen på Thuen.
I 15-tida på dagen 31. desember blei han målt i 106 km/t i 50-sona. Han hadde tre passasjerar i bilen og blei mistenkt for å vera rusa på både alkohol og narkotika.
Blodprøve viser ein alkoholkonsentrasjon på 1,08 og THC (cannabis) tilsvarande over 0,5 promille.
Forklarte seg i retten
Sikta, ein mann i 40-åra frå einannan kommune enn Os, møtte i retten og tilsto.
Han forklarte at han køyrde bil med automatgir, og tidlegare har køyrd elbil, og no ville testa aksellerasjonen på denne bilen.
Han sa at den høge farten var over eit svært kort tidsrom, og erkjente å ha drukke alkohol, men sa at han ikkje hadde røykt cannabis den aktuelle dagen.
Retten skjerpa straffa
Sikta blei orientert om påtalemakta sin påstand om straff, og syntest denne var strengare enn venta, i forhold til kva som var sagt i avhøyr, ikkje minst sidan han hadde innrømt og vore samarbeidsvillig, og fordi han er tidlegare ustraffa.
Påtalemakta kom med påstand om 21 dagar fengsel, 6000 kroner i bot og tap av førarretten i 2 år.
Retten syntest dette var for mild straff.
Sikta blei dømt for to brot på vegtrafikklova, brotet på legemiddellova (bruk av narkotika) kom inn som skjerpande element. At køyringa var på dagtid, når det stort sett er høgare trafikk, og at han utsette seg sjølv og tre passasjerar for høg risiko, var òg skjerpande.
Straffa blei 26 dagar fengsel, 10.000 kroner i bot og tap av førarretten i 3 år.
Domfelte godtok dommen.