Tatt i 76 km/t i 50-sona
Ung bilist mista lappen etter å ha køyrd i 76 km/t i 50-sona på Hatvikvegen.
Tysdag morgon måtte patrulja frå Os lensmannskontor bistå ei patrulje frå UP på Hatvikvegen.
– UP målte ein bilist til 76 km/t i 50-sona.
– Då han blei stoppa blei han såpass hissig at UP ønska bistand frå oss i tilfelle han ikkje roa seg.
– Han roa seg, og førarkortet hans blei beslaglagt. Han blir i tillegg anmeldt, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Bilføraren var ein mann i byrjinga av 20-åra.
Slapp med åtvaring
Måndag kveld stoppa politiet ein anna bilførar i Os sentrum, men denne slapp med ei åtvaring.
– Vedkommande blei stoppa for å køyra for fort og uforsvarleg i sentrum, men vi hadde ikkje nokre målingar på han.
– Han slapp difor unna med ei åtvaring etter vegtrafikklovens paragaf 3, avsluttar Hadler-Olsen.