Lokal | 22. mars 2020

To tatt i snittmåling - éin køyrde i autovernet

Politiet dirigerte trafikken etter ulykke på E39.

To tatt i snittmåling - éin køyrde i autovernet
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. mars 2020 08:29

Laurdag rundt klokka 13.50 køyrde ein bil i autovernet på E39 på Moberg.

– Bilførar var åleine i bilen. Ho framsto som uskadd, men blei tatt til legevakt for sjekk, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Bilen hadde større materielle skadar, og det blei behov for manuell dirigering fram til bergingsbil henta den.

Kvinna som køyrde bilen er i 60-åra. Det er ikkje mistanke om rus, og det er heller ikkje tatt førarkortbeslag.

– Men vi har oppretta sak for å finna ut kva som er årsaka til ulykka.

Delte ut prikkar og forelegg

Natt til fredag gjennomførte politiet ei snittmåling på E39, i 80-sona frå Ulvenvegen til Liafjellstunnelen.

Bilen blei målt til 97 km/t, bilførar fekk eit forelegg på 4.700 kroner og tre prikkar på førarkortet.

Klokka 05.40 søndag morgon blei ein mann i 20-åra målt til 74 km/t i snittmåling i ei 60-sone på Byvegen.

Han fekk 3.800 kroner i forelgg og to prikkar på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.