Tatt imot som kongelege
Bildeserie: Håvard og Vilde kom heim frå Brasil-besøk fulle av inntrykk. - Dei var fantastiske folk, stråler dei to 6. klassingane.
Midtsiden har gjennom våren følgd dei to 6. klassingane i førebuingane til turen dei skulle ha for å vitja Gregory Smith og CARF-sentra i og utanfor Sao Paolo i Brasil. No har dei to kome heim etter ein fantastisk tur med minnekorta både i hovudet og på kamera fulle.
Vi har fått lov til å dele nokre av inntrykka deira med leserane. Sjå bildeserie ovanfor.
Dei to reiste saman med inspektør Geir Bjørkhaug og lærar Ida Bjørkhaug frå Os skule.
- Det var eit fantastisk folk vi møtte.
- Vi var på ein måte nesten kongelege for dei. Dei sette så stor pris på at vi kom på vitjing, strålar dei to ungdommane.
Sterke inntrykk
For dei to blei møte med fattigdommen og favelaen tøffe møter.
- Det var spesielt å sjå favelaen og kor dårlege kår mange av dei budde under. Mange bur jo berre i skur, kor det er hol i både veggar og tak, forklarar Håvard Leonsen.
- Men det som gjorde like mykje inntrykk var kor snille alle var til tross for kor dårleg dei hadde det.
- Vi var meir enn velkomne overalt. Dei var utruleg gjestfrie og imøtekommande, supplerar Vilde Norvik raskt.
For dei to 12 åringane gjekk det verkeleg opp for dei kva tilhøve ungar på deira eigen alder veks opp under då dei var på vitjing i favelaen.
- Der møtte vi ei mor med 6 ungar. Guten i huset, som var like gamal som oss var allereie blitt alkoholikar og drakk heile dagen.
- Ei anna jente vi møtte var berre 12 år gamal og gravid, fortel dei to.
Budde privat
Dei to budde privat saman med familien til ungar som er ein del av CARF sitt kolibrirede i Sao Paolo.
- Eg og Geir budde heime hjå Diego og Gabriel. Dei budde litt utanfor favelaen og hadde det nok betre enn mange andre, fortel Håvard.
Dei to fekk eige rom og dusj med varmt og kaldt vatn.
- Ida og eg budde noko enklare hjå Jackeline og Jeferson. Dei hadde ikkje varmt vatn og den eine veggen kunne vi sjå rett igjennom.
- "Rommet" vi fekk var berre bak ei gardin. Bestemor i huset og Jeferson hadde flytta ut for at vi skulle få plass, seier Vilde.
Ein ting som slo dei båe to var ønskje om å vise materielle verdiar.
- Sjølv dei mest fattige hadde både ein og to TVar. Heime hjå meg trur eg det var 6 eller 7, forklarar Håvard.
"No stress"
Gjestfridomen og den gode maten er noko av det første dei to nemner når vi ber dei fortelja frå turen.
- Overalt var det kjempegod mat. Litt annerleis enn det vi var vant til, men det smakte godt.
- Ein dag blei alle invitert heim til vertfamilien min på middag. Dagen etter var vi alle hjå Håvard sin familie, forklarar Vilde.
Der var dei ikkje aleine.
- Der dukka omtrent heile nabolaget opp. Vi var vel 50-60 stykker til middag. Dei hadde til og med hyrt inn eit sambaorkester, fortel ein oppglødd Håvard.
Sjølv om det var mykje folk til middag, lot ikkje vertsskapet seg stressa.
- Det var ganske typisk brasilianerane. Dei stressar lite og bruker heller tida på kvarandre.
Profftrenar
Mykje av veka gjekk med til å leika saman med ungane i kolibriredet og å få sjå korleis CARF sitt arbeid går føre seg.
- Vi fekk vera med på Capoeira, musikk-kurs og sjå det nye mediesenteret deira.
- På mediesenteret har dei laga eit skikkeleg profft lydstudio kor dei mellomanna skal utdanna teknikarar, journalister, forklarar dei to.
Ein fotballkamp med Kolibri sitt eige fotball-lag fekk dei òg med seg.
- Det var kjekt. Trenaren deira er ein tidlegare fotballproff i Brasil.
- Gregory (Smith, journ.mrk) gjer ein fantastisk jobb der borte, slår dei to kontant fast.
Ikkje som den norske skulen
Dei fire fekk òg vera med på besøk til ei offentleg skule litt utanfor favelaen.
- Det var kanskje noko av det som gjorde sterkast inntrykk på oss som lærarar, fortel Geir.
Skulen var omringa av høge murar med piggtråd på. Vindauga hadde gitter og alle dørar måtte vera låste.
- Grunnen til det var at fremmande ikkje skulle koma inn. Dei var mykje plaga med vald og at det blei smugla dop inn på skulen.
- Difor kunne ikkje elevane vera ute i skulegarden, men måtte vera i ein mindre gymsal som var skjerma når dei hadde friminutt, forklarar inspektøren, som innrømmar han er glad det ikkje er tilsvarande tilhøve her heime.
- Eg trur ikkje elevane lærte noko som helst under dei tilhøva. Disiplin var ei total mangelvare, slår han fast.
Blei nesten rana
Ein dag var dei fire på byvandring i Sao Paulo for mellomanna å sjå kor det heile starta.
- Det var litt spesielt å gå i byen med fire livvaktar.
- Dei hadde blitt sendt med oss frå CARF. Då vi kom heim att fekk vi veta at dei hadde vi hatt brukt for, fortel Ida Bjørkhaug, som var glad ho hadde fått med seg Vilde og Håvard trygt heim til Kolibriredet.
- Greogory fortalde oss då at det var fire karar som hadde sirkla oss inn og gjorde seg klare til å rane oss, men som skygga banen då dei blei klar over at vaktane våre hadde oppdaga dei.
Takksame for badetøy
Den siste helga i Brasil fekk dei fire Osingane vera med Gregory og ein gjeng ungar frå Kolibriredet til huset han disponerar ved kysten. Med seg dit hadde dei badetøy dei hadde samla inn på skulen eller fått frå Osbadet.
- Det var fantastisk gøy å sjå korleis ungane jubla over å få badetøy, dykkemaske og symjebrillar.
- Dei stilte seg fint opp i ei rekkje og venta på tur for å finna seg badetøy.
- Du skulle sett kor kry den vesle indianerguten var då han hadde fått på seg badebuksa. At det var ei bikinitruse for jenter spelte ingen rolle, fortel Ida med eit smil.
Badeutstyret frå Os vil bli verande i kysthuset slik at ungane som kjem på vitjing kan nytta det når det passar seg.
Torsdag 31. mai arrangerar Os skule den tradisjonsrike Gregory Smith-kvelden til inntekt for prosjekta i Brasil. I år med ein ekstra dimensjon då elevane vil fortelje meir om opplevingane frå ei uke saman med CARF i Brasil.