Lokal | 13. okt. 2014

Tatt med kniv etter krangel med kjærasten

Éin er tatt med narkotika i sentrum, to blei tatt for urinering og ein tredje hamna i arresten, i narkorus, etter krangel med kjærasten.

Tatt med kniv etter krangel med kjærasten
Politiet rykte fleire gongar ut til Os sentrum laurdag, då ein rusa mann gjekk rundt og kasta stein. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 13. okt. 2014 09:31

Søndag i 15-tida rykte politiet ut på melding om bråk mellom eit kjærastepar.

– Det var relativt roleg då vi kom fram, men mannen i forholdet gjekk i gata utanfor huset og blei tatt for å gå med kniv på offentleg plass.

Mannen, som er i slutten av 20-åra, er også mistenkt for å ha vore rusa på narkotika. Han blei tatt med til Bergen for overnatting i arresten.

Rusa mann kasta stein

På dagtid laurdag fekk politiet fleire meldingar om ein rusa mann som oppførte seg merkeleg i Os sentrum.

Han skal også ha kasta stein, men utan å skada nokon eller noko.

Politiet var i kontakt med han fleire gongar i løpet av dagen, og kjørte han blant anna til legevakt, då han gjekk rundt og va rusa og kald.

Vedkomande, som er i 20-åra, er ein kjenning av politiet.

Full fest - åleine

I 4-tida natt til søndag fekk politiet klage på støy frå fest i Hegglandsdalen.

Det var ingen storfest, men ein mann som sat åleine og høyrde på høg musikk med eit vindauge ope.

Tissa bak taxibua

Omtrent samtidig blei to menn i 30-åra tatt for å urinera bak drosjebua i Os sentrum.

Dei skal ha erkjent forholdet.

Promilletest og besøksforbod

I løpet av helga har politiet vore ute og forkynt ulike saker, blant anna avgjerd om å ilegga ein mann besøksforbod etter krangel med ekskjærast.

Søndag morgon hadde politiet i Os promillekontroll ved Vognhallen i Os sentrum. 54 blei kontrollert, alle var edru.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.