Lokal | 13. sep. 2012
Tatt med mobil
To personar blei onsdag bøtelagt for heleri av mobiltelefon.
Andris Hamretorsdag 13. sep. 2012 10:01
Politiet fekk melding om tjuveri av ein mobiltelefon frå eitt av treningssentra i Os. To personar blei pågripen i saka.
- Dei erkjenner å ha funne mobilen, men innrømmar ikkje å ha stole den, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Dei to blei ilagt 3000 kroner i forelegg for heleri og eventuelt ulovleg å ha tilegna seg hittegods.