Tatt på fersken – dømt til fengsel
Om morgonen første nyttårsdag blei han tatt medan han gjorde innbrot i Os. No må han sona 1 år og 7 månadar for ein serie lovbrot.
I 8.30-tida vakna ein huseigar i Varåsen av romstering i bustaden. I stova møtte han ein mann som hadde brote seg inn og heldt på å stela ulike varer,
Tiltalte hadde samla saman pc-ar, fotoapparat, stereoanlegg, tobakk og andre verdisaker, og putta noko av det i posar, då han brått blei oppdaga.
Mannen i huset fekk sambuaren til å ringa politiet, og klarte å halda tiltalte der ved å prata med han til politiet kom. Dette trass i at tiltalte på trugande vis åtvara huseigarane mot å ringa politiet.
Til politiet oppgav mannen personalia til sin eigen bror, men dette blei oppdaga av folk i arresten, som kjente tiltalte igjen.
Tjuveri, nark og doping
Tiltalte, ein 31 år gamal kjenning av politiet i Bergen, har sete varetektsfengsla sidan innbrotet.
I førre veke var saka hans oppe i Nordhordland tingrett, der han innrømte skyld på nokre av dei 12 lovbrota han var tiltalt for, delvis på nokre av dei, og ikkje skyldig på tre punkt.
Sakene handla blant anna om vald mot offentleg tenestemann i Bergen i november i fjor, tjuveri av medikament frå Bergen legevakt, tjuveri av klede og utstyr frå ulike butikkar i Bergen sentrum, tjuveri av post frå postkasse i Os i samband med innbrotet i januar - og for innbrotet og forsøket på tjuveri frå bil og bustad i Varåsen.
Han var også tiltalt for ulike narkotikalovbrot, oppbevaring av heroin, amfetamin, hasj og anabole steroider. Då han blei tatt på Os gjekk han med springkniv og ein Colt Automatic softgun, noko han også blei tiltalt for.
Tiltalte blei funnen skyldig på alle punkt og blei dømt til 1 år og 7 månadar fengsel utan vilkår. 131 dagar varetekt kom til frådrag.