Lokal | 13. aug. 2019
Tatt for tjuveri frå tre butikkar
Stal frå Rema og Kiwi før han blei tatt på Meny.
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 13. aug. 2019 09:21
Måndag klokka 16.15 fekk politiet melding om ein som var tatt for tjuveri frå Meny i Industrivegen.
Det viste seg at vedkomande hadde tjuvgods også frå to andre butikkar.
– Mistenkte blei dimittert etter avhøyr på staden. Han erkjente forholdet og sa at han ville vedta eit eventuelt forelegg, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Vedkomande er ein mann i 50-åra frå Os. Det var i hovudsak lyspærer han hadde stole.