Lokal | 15. juli 2013

Tatt utan førarkort

Politiet: Mann tatt utan førarkort i Os sentrum og barn innelåst i bil.

Tatt utan førarkort
ill.foto: KVB
Andris Hamremandag 15. juli 2013 07:34

Sundag blei ein mann i 40-åra stoppa av politiet i Os sentrum.

– Det viste seg at han køyrde utan gyldig førarkort, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.

Politiet fekk òg melding om eit barn som sat innelåst i ein bil.

– Der fekk vi bistand frå eit bilbergingsselskap i Bergen til å ta oss inn i bilen og få ut barnet.

Roseselgjar på dørane

I løpet av sundagen kom det inn melding om at det gjekk ei utanlandsk kvinne på dørane og selde roser.

– Vi ønska å ta ein prat med ho, men då vi kom til staden var ho vekke.

– Ho skal ha hatt med seg ein mann som venta på ho ved ein utenlandsk registrert bil, seier politioverbetjenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.