Torild Stray framfor måleriet frå Manhatten som heng i Griegsamlinga, også det måla i World Trade Center (foto: Andris Hamre)

Teikna i World Trade Center

Ho hadde atelier i det eine tvillingtårnet. No kjem Torild Stray til Oseana, men først skal ei gigantisk kullteikning overrekast 9/11 Memorial & Museum i New York.

image
Av: Andris Hamre

Bergensbaserte Torild Stray har fått mye merksemd denne vinteren etter at det blei kjend at den gigantiske kullteikninga «New York Metamorphosis» skal bli ein del av den permanente utstillinga på 9/11 Memorial & Museum. Bilete er teikna frå 85. etasje i World Trade Center.

– Eg hadde atelier i 20 år i New York og i ei periode på 90-talet studio i det nordre tårnet på World Trade Center. Eg flytta ut derfrå i 1998, men det var planar om at eg skulle oppatt dit, fortel Torild Stray når Midtsiden møter ho og kurator Evelyn Holm i Griegsamlingen.

Var ein vakker dag

Ho hugsar tilbake på 11. september 2001 som ein dag med klart og fint vêr.

– Det var ein dag som ville ha vore typisk dag å måle utsikten frå World Trade Center. Det var klart vêr og god sikt, noko det ikkje er for mykje av i New York.

– Men du var ikkje der då?

– Nei, eg var ved atelieret som eg saman med nokre andre kunstnarar hadde bygd opp i Brooklyn då flya kræsja. Vi sto på taket og såg at tvillingtårna brann. Det var ei merkeleg oppleving, også det å i etterkant finna papirer frå World Trade Center på terrassen vår. Dei blei spredd over eit stort område då tårna rasa, fortel Stray.

Eit rart bygg å jobba i

Stray fortel at det var spesielt å jobba i World Trade Center.

– Eg hadde ulike stasjonar i forskjellige etasjar i det nordre tårnet. Det måleriet som heng her i Griegsamlinga har mykje av den same utsikta som «Manhattan Metamorphosis», men har ein litt anna vinkel og er måla frå ein av etasjane litt høgre opp.

– Det var eit rart bygg å jobba i som kunstnar. Vindauga kunne jo ikkje opnast og alle romma var heilt råe. Det var rett ned på betongen.

– Samstundes var et overveldande. Du såg jo så enormt mykje derfrå. Det blei ein heilt eiga verd å sjå Manhattan får den vinkelen med mykje bevegelser både i lufta, på elvene og nede på gatene. Eg føler at eg på ein måte blei kjend med bygningane eg måla. Dei blei vennane mine. Då eg gjekk ut av atelieret og ned på gata var det nesten som eg opplevde å reise inn i bileta mine.

Ein forlengelse av kroppen

Bystrukturen fasinerer tydeleg Stray når ho snakkar om tida i New York.

– Slik som vi på Vestlandet nyttar fjella for å orientere oss, så nytta eg der borte bygningane. Samstundes så opplever eg at bystrukturen på mange måter er ein forlengelse av kroppen. Den er som ein del av naturen.

– Etter 11. september har eg gjort det til ein regelmessig ting å gå opp på eit tak og måle byen når eg er i New York, fortel kunstnaren.

– Betyr mykje

5. mars er ho igjen på plass i New York når kullteikninga på 1,6 x 5 meter skal presenterast i 9/11 Memorial & Museum.

– Det er klart at det betyr mykje, og er ei internasjonal annerkjenning. Samstundes så føles det veldig riktig. Eg har alltid hatt lyst til at teikninga skulle henga ein offentleg plass og ikkje hos ein privat samlar. I tillegg er det veldig gøy at det er Snøhetta, eit norsk firma, som har teikna museet. På mange måter føler eg at sirkelen er slutta. It's a dream come true.

– Det er spennande at dei vil visa det på museet og det er spennande å sjå korleis det blir motteke, avsluttar ho med eit smil.

Utstillinga i Oseana opnar ho i april.