Lokal | 30. jan. 2014

Teikna kartet sjølv

Ordføraren måtte trø til då innleigde konsulentar ikkje leverte varene.

Teikna kartet sjølv
Ordførar Terje Søviknes (Frp) måtte sjølv teikna framtidsscenarioane då konsulentane svikta. Her under eit tidlegare kommunestyremøte (foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Andris Hamretorsdag 30. jan. 2014 07:22

Då formannskapet hadde temakonferanse i Bergen tidlegare denne månaden fekk dei presentert stads- og moglegheitsanalysen for Osøyro frå konsulentane i Asplan Viak, og scenario for framtida frå konsulentane i Sweco.

Midtsiden sin journalist var til stades på presentasjonen og fekk ingenting ut av scenariopresentasjonen frå Sweco anna enn spørsmålet; Kva har kommunen brukt pengar på her?

– Det var ikkje heilt lett å forstå nei. Difor bestemte vi oss for å terminera kontrakten med Sweco, for i staden gjera jobben sjølv, fortel ordførar Terje Søviknes (Frp).

Saman med Aina Tjosås, frå stab, plan og utvikling i administrasjonen, sette difor ordføraren seg ned for å sjå inn i krystallkula fram mot år 2040.

Reknar med stor folkevekst

Analyser som blei presentert i samband med Bergenskonferansen førre veke fortel om ei folkevekst i Bergensregionen på om lag 160 000 innbyggarar fram mot 2040.

– Eg vil tru at omeignkommunane må ta halvparten av denne folkeveksta.

– Det er ikkje unaturleg å tenkje seg at 20 000 av dei buset seg i Os kommune, meiner Søviknes, og legg mellom anna erfaringar frå andre kommuner som har fått ny og forbetre veg til ein storby til grunn.

– Feilen mange kommunar ofte gjer er at dei legg SSB sine tal for låg eller medium vekst til grunn når dei ser inn i krystallkula, og at dette viser seg å bli for lite.

– Vi er nøydd til å legga høg vekst som ei føring.

– I tillegg reknar eg med at vi får ei høgare vekstrate dei kommande fem åra enn prognosane tilseier, rett og slett fordi folk vil posisjonera seg til vegen kjem.

– Vi blir den av kommunane rundt Bergen som får den beste infrastrukturen mot Bergen når Svegatjørn - Rådal står ferdig, det må vi ta innover oss, påpeikar ordføraren.

Einebustad eller blokk?

Sett på spissen må politikarane ta stilling til om den framtidig bustadbygging ein skal tillata skal vera einebustadar eller leiligheitsbygg.

– Ein einebustad krev cirka eitt mål, når ein reknar med infrastruktur til veg og fortau.

– Eit leiligheitsbygg vil tilsvarande gje 3 husvære på same arealet.

– Vi er ei relativ kompakt kommune med ein skjergard og fjell vi vil skjerma, då betyr det at vi må drøfta prinsippa for bustadbygging nøye.

Sju temaområder

I presentasjonen i kommunestyret tysdag trekte Søviknes og Tjosås opp sju områder ein bør ha med i samfunnsdelen til kommuneplan som no skal utarbeidast.

– Vi bør sjå på bustadar, næring, infrastruktur, miljø og klima, kultur og identitet, velferdstenestene og dei generelle vekstutfordringane.

– Dette bør leggast til grunn for planprogrammet som skal handsamst i april og som skal ut på høyring før sjølve planen utformast.

– Målet er å vera ferdig med planen innan juni 2015, slik at den kan godkjennast av det sittande kommunestyret, forklarar Søviknes.

Opp i helikopter

Formelt sett skal ein kommuneplan femna 12 år fram i tid. Os kommune vil no sjå heilt fram til 2040, noko dei tidlegare har fått skryt frå fylkesmannen for å gjera.

– Vi må løfta oss opp i helikopterperspektiv for å sjå kor utviklinga skal koma.

– Ta til dømes eldreomsorga, som i dag er dønn sentralisert rundt Luranetunet. Det er ledig areal for å utvida, og det kjem ei utviding om eit par år, men spørsmålet vi må stilla er kor tid når vi grensa på Lurane og må sjå etter ein omsorgsbase til, og kor skal den ligga?

Ringvegar rundt Os?

– I tillegg får vi ei utfordring med det interne vegnettet i kommunen. Det taklar ikkje 20 000 nye osingar.

– Fylkesvegnettet må sjåast på, konkluderer Søviknes.

Ei løysing er å tenkje meir i ring enn det som er i dag.

– I dag er vegnettet vårt meir eller mindre stjerneforma med utspring frå Os.

– Eg tenkjer meg ei åttetalsløysing med ein ring frå Os over Ulven om Nore Neset og ein om Søfteland, Lyseparken, Drange til Askvik. Det vil gje oss moglegheitar til å byggja ut eit godt kollektivnett med ringbussar.

Kva seier staten?

Eit stort spørsmål ein ikkje har svar på enno, men som ein veit kjem i løpet av dei første åra er samanslåing av kommunar.

– Det må vi berre ta innover oss, samstundes som vi ikkje styrer det heilt sjølv.

– I presentasjonen lanserte eg fire alternativ;
1. Os aleine,
2. Heile Bjørnefjordsregionen med Os, Tysnes, Fusa, Samnanger og Austevoll,
3. Stor-Bergen,
4. Det gamle Framnes med Os, Fusa og Samnanger.

– Det blir utfordrande, men samstundes spennande å vera politikar framover, seier ordførar Terje Søviknes (Frp)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.