Lokal | 25. mars 2011

Tek i bruk P-skiver

Frå 1. mai er det slutt på vill-parkering i Os sentrum. Då kjem krav om parkeringsskive.

Tek i bruk P-skiver
Andris Hamrefredag 25. mars 2011 13:38

Det vil fortsatt vera gratis å parkera i Os sentrum, men frå 1. mai vil regelen om to timarsparkering bli handheva strengare.

Os kommune har tilsett Elisabeth Thomassen som den første parkeringsverten i kommunen.

- Eg skal vera ein vert og ikkje ein vakt, sjølv om eg skal passa på at folk parkerer skikkelig, smiler parkeringsverten.

Ho ser for seg å vera ein synleg og hjelpsam vert som like gjerne kan visa veg om besøkande lurar på kvar dei finn forskjellige ting, som å passa at dei parkerer på rett måte og stad.

P-skive på kommunetorget

Kontrollen med kor lenge folk har parkert har dei lagt opp til med ein form for sjølvjustis.

- Skal du parkera på Os må du kjøpe deg ei parkeringsskive til 20 kroner på kommunetorget eller utvalde butikkar, seier Elisabeth Thomassen.

- Denne festar du i ruta på bilen og vrir på hjulet til det tidspunktet du satte bilen i frå deg, forklarar Thomassen.

Ho forsikrar om at skiva er i haldbart materiale og med lang levetid slik at du kan bruka den mange gonger.

SMS-alternativ

Renate Iversen supplerar med at dei òg vil legga opp til ein SMS-løysing for besøkande som ikkje har, eller rekk å kjøpe p-skiva.

- Vi kjem sjølvsagt til å skilta tydeleg. Der vil det òg stå ei oppskrift på korleis du kan gje beskjed om når du parkerte bilen ved hjelp av ei SMS-teneste.

- Denne tenesta kostar omlag 10 kroner gongen, men dette er dei direkte kostnadane med tenesta som teleselskapet tek og ikkje ei parkeringsavgift, presiserar Iversen.

Frå vognhallen til gymsalen

Området som blir omfatta av den nye ordninga strekk seg frå vognhallen ved hamna til parkeringsplassen ved gymsalen på Os ungdomsskule.

- Det kjem til å bli tre parkeringssoner, forklarar Iversen.

- Det blir langtidsparkering ved vognhallen, Kløvertun og ungdomsskulen. Ei tre timers parkering for dei som skal i litt lengre møter ved parkeringa mellom Hatvikvegen og Essostasjonen mot gjestebryggja og to timersparkering på resten av plassane.

Etter ei opptelling har dei to kome fram til at det er omlag 400 offentlege og eindel privat plassar som vil bli omfatta av ordninga.

500 kroner i gebyr

Når parkeringsforskrifta trår i kraft kan du venta deg eit gebyr på 500 kroner om du parkerar ulovleg eller for lenge.

- Vi kjem til å til å vera litt runde i kantane til å byrje med. Vi har forståing for at dette blir uvant for osingane og at dei kan trenge litt tid til å venja seg til den nye ordninga, forsikrar Thomassen.

Dei eineste ho ikkje vil fara mildt med er dei som bryt vegtrafikkloven og parkerar til dømes i fotgjengarfelt, på fortau eller på plassar for røyrslehemma uten nødvendig løyve.

- Vi skal òg ha ansvaret for dei private parkeringsplassane, men då etter privatrettslege reglar.

- For dei parkerande vil det opplevast likt om dei parkerer på ein offentleg eller ein privat plass, seier Thomassen.

Einvegskøyrd Brugate

Ei endring som blir gjort i samband med handhevinga av parkeringsreglane er at Brugata blir einvegskøyrd.

- Dette gjer vi mellomanna for å skapa fleire parkeringsplassar, forklarar Iversen.

Brugata vil bli einvegskjørt ut frå torget retning Hatvikvegen. For å koma inn i sentrum må du anten kjøra inn Landboden, Øyro (ved Lundehjørnet) eller via rundkjøringa framfor bussterminalen.

Mykje som skal på plass

Før 1. mai har dei to mykje som skal på plass.

- Vi må sjølvsagt få produsert p-skivene og få på plass datasystema. I tillegg må heile sentrum merkast og skiltas og vi må få informasjon ut til folket, seier Thomassen.

- I samband med skiltinga ønskjer vi samstundes å gjera sentrum litt grønare. Difor kjem vi til å plante trær som markørar i staden for berre å sette opp kalde skilt, supplerar Iversen som trekk fram torget framfor Oshjørnet som ein av plassane som skal beplantes.

- Vi prøver å tenkja litt miljø oppe i det heile. Målet er å skape eit triveleg og fint sentrum som folk har lyst til å kome til, smiler Elisabeth Thomassen før ho kjem med ei oppfordring til dei som jobbar i sentrum.

- Bruk beina eller sykkel til jobb, så slepp dykk tenkja på parkering.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.